Vendanor, stryneverksemda som produserer sjølvbetjente automatar for sal av propan til forbrukar, har fått avtale om levering til AGA AS.

– AGA var med under utviklingsarbeidet for å etablere Vendanor. Vi har arbeidd med å få AGA som kunde sidan 2013. Dei kjøpte først to automatar for testing. No har dei bestilt 20 automatar for bestilling i år og budsjettert inn ytterlegare kjøp for komande år. Dette er svært gledeleg for oss og betyr at Vendanor har kome eit langt og viktig steg frå utviklingsfase med budsjetterte underskot til driftsfase og inntening, seier dagleg leiar Harold Wieldraaijer.

Det er ikkje lenge sidan han kom tilbake frå Danmark med kontrakt på levering av 20 automatar i år og 35 neste år.– Vi jobbar med mange kundar og tenkjer no meir kontrakt med hovudkontor og kjeder enn enkeltoperatørar innanfor verksemdene, seier Wieldraaijer.Konseptet med gassautomat er uvikla og forbetra gjennom dei tre siste åra, og har den enkle tanken at det skal vere eit enkelt produkt både for seljar av gassen og for privatpersonen som får enkel tilgang til propanflasker gjennom heile døgnet.– For kunden som skal kjøpe propan skal automaten vere like enkel å forholde seg til som ein minibank. Du stikk kredittkortet inn, slår kode og får propan ut. Så plasserer du den tomme behaldaren inn og reiser. For eigaren av automaten er det like enkelt ved at gassleverandøren til ei kvar tid har elektronisk kontroll om uttak og lagerstatus frå automaten. Det betyr at utkøyring av nye behaldarar skjer før automaten går tom, poengterer Wieldraaijer.

Sju tilsette

Han fortel at selskapet akkurat har tilsett mann nummer sju.

– Han startar opp 1. august. Med den bemanninga klarer vi å byggje 150 automatar i året. Får vi fleire ordrar, må vi tilsette fleire. Nomek som er hovudaksjonær leverer stålet til automatane. Med andre ord kort veg for bestilling og levering, seier Wieldraaijer.Økonomien i Vendanor var vanskeleg i fjor, med behov for auka aksjekapital.– Etter kapitalinnsprøytinga og gjennombrotet med AGA, ser det lyst ut.– No er vi på rett veg, og vi skal tene pengar frå inneverande år. Dette er både spannende og positivt, seier Wieldraaijer.