– Mus(ik)keterar? Heilt fint. Ordspel er flott. Kari Katur, kjenner du henne? seier Helge. Og i same andedrag: –Veit du forresten kva det nye bygget på Musikkhøgskulen heiter? Andre hus! Eg har kontor i Andre hus! seier førsteamanuensisen ved Norges Musikkhøgskole begeistra.

Og slik kunne det halde fram. Men mellom morogreiene får vi vore litt seriøse også.  Arve Henriksen, Helge Sunde og David Gald er alle store namn innan musikken. Men kva var det med miljøet i Stryn på 80- og 90-talet som skapte slike musikarar?Dei tre var sist helg i Stryn og hadde konsert med Ytre Suølens jassensemble, Stryn Musikklag, Stryn skulekorps og lokale solistar.Jubelen ville ingen ende ta. No vil vi gjerne vite kva det var med miløet i Stryn som kunne bringe fram slike talent på 80- og 90-talet. – Vi fekk ansvar, seier Helge Sunde. – Dei store tok seg av dei små. David fekk sitt første instrument av meg, det var litt sånn «blås her, trykk der». Og Oddmund Kjøsnes kan faktisk påberope seg å vere Arve Henriksen sin første trompetlærar. Tre år eldre!

Eldsjeler på foreldresida var også viktige. Og at entusiasmen for korps var stor, det viser tala svart på kvitt: – Eg var dirigent, og skreiv opp i bøker kven som møtte på øving og sånn, fortel Helge. – I klassen til Arve og David var det 27 stykke som var med i skulekorpset!Det blomstrande miljøet var nok ein kombinasjon av mange faktorar, meiner Arve Henriksen. – I tillegg til den lokale innsatsen var det masse kurs og greier som heldt på ein periode. Eg trur kombinasjonane med sommarleirane på Eid og Nordfjord Ungdomskorps var med og gjorde at dette miljøet vaks fram. Der fekk vi mykje inspirasjon og idear som vi fekk kobla i hop med det som dei lokale dirigentane heldt på med. Og det var mange unge dirigentar, Helge, meg, David, Nils Are Karstad Lysø, Kariann Hagen, Annette Rogne… Utruleg mange! seier Arve, som legg til at på 90-talet var det Helge som var «litt i sjefsstolen».

Helge Sunde var berre 16 år då han vart hyra inn som vikar i Ytre Suløens jassensemble.– Eg hadde ikkje instrument sjølv, så vi måtte køyre innom ei på Breim for å låne ei trombone! hugsar han. Inspirerte av nettopp Ytre Suløen starta Arve og David i 12-13-årsalderen også sitt eige band, Riverside Jazzensemble. – Vi fekk faktisk ein del oppdrag som Ytre Suløen ikkje hadde mulegheit for å ta. Tenk det! Vi spelte mellom anna på Alexandra under lanseringa av ein ny Ford-modell, hugsar eg. Det var stas for oss, vi fekk betalt og fekk mat på hotellet og greier. Og så fekk vi skryt av suløenfolket når dei kom og høyrde oss, så det var ein slags jamn flow av mange positive ting, seier Arve Henriksen.

Under konserten sist laurdag baud strynetrioen på gjenhøyr med godbitar frå sitt tidlege samarbeid, som Basin Street Blues, men også nyskapingar som ein svært frisk og spenstig Fagre Stryn i ein stilart som Helge Sunde karakteriserer som Gumbolatin - eller Gombelatin, sidan det var i heimbygda. Dessutan eit vakkert arrangement av Om kvelden, folketone frå Hornindal. – Då fekk vi med oss Jorun Erdal, så vi endeleg kunne kalle oss Strynekvartett, seier Helge entusiastisk. – Ja?– Strynekvartett - strykekvartett, ikkje sant??!Javisst, det var tid for ordspel igjen....David Gald på si side har så langt vore taus. – Eg har ikkje så mykje eg vil seie, seier han. – Det er mest dei andre som pratar.– Du veit, det var alltid slik, skyt Arve Henriksen inn. – David spelte tuba. Han måtte spare på pusten!

Gjorde festivalpublikummet mållause - som tenåringar

– I 1980-åra hadde Stryn skulekorps ei oppblomstring av unge talent. Arnold Sunde var dirigent, pådrivar og tilretteleggar, saman med dyktige styre med Haldis Hagen og Arvid Henriksen, fortel Leif Vinsrygg, trompetist og korpsentusiast med fleire tiår bak seg i korpsa i Stryn. Han fortel vidare:

– Arnold Sunde gav etter kvart dirigentansvaret til Arve og Helge som etter tur styrte korpset med stødig hand, trass i at dei skulle leie jamaldringane sine. Eit utruleg sjansespel, meinte mange. I 1984 reiste korpset med to fulle bussar til den tyske byen Itzehoe på musikkstemne. Leif Vinsrygg var med som far til eitt av medlemmane, og fortel om mållause tyskarar då dei unge stryningane inntok podiet i den store hallen med langbord. Riverside Jazzensemble hadde førebudd seg godt. – Ulike korps underheldt. Også stryningane var på scena med sitt program. Helge Sunde, 15 år, dirigerte. Rundt borda stansa praten då speaker fortalde om korpset frå nord med ein femtenåring som dirigent. Og då Riverside kom på scena, med 14-15-åringar på klarinett, saksofon, trompet, trombone, banjo/piano, tuba og slagverk, ville jubelen mest ingen ende ta. Publikum jubla og hoia til kvar av ungdomane som steig fram med improvisasjonane sine. Det var heilt vilt, om eg kan beskrive det slik. Stolte foreldre og reiseleiarar sola seg i glansen av korpset og jazzbandet, fortel Leif Vinsrygg.

Arve Henriksen f. 1968

jazzmusikar og komponistUtdanna ved jazzlinja på NTNUHar ei lang rekkje plate/CD-utgjevingar bak seg Har grunnlagt og/eller vore medlem i ei rekkje band og har samarbeida med eit stort antal musikararTildelt Buddyprisen, Moers Jazzfestival Artist in residence, Radka Toneff Minnepris og DnB NOR-prisen

Helge Sunde f. 1965

Komponist og dirigent med diplomeksamen i komposisjon frå NMHFørsteamanuensis ved Noges MusikkhøgskoleHar komponert og arrangert for og dirigert ei rekkje av dei store orkestera, både innan- og utanlands, og vore med på fleireCD-utgjevingar Tildelt NOPA-prisen, Spellemannprisen og Edvard-prisen

David Gald f. 1968

Jazzmusikar med utdanning frå jazzlinja ved NTNUMedlem av fleire band, fast medlem i Ytre Suløens jassensemble og har vore med på over 20 plateutgjevingarHar i fleire år turnert for Rikskonsertane med produksjonen Gumbo

Med høgt hår og vide dressar i 1991: – Akkurat denne kvelden var ein av dei første gongane vi fekk eit storband heim til Stryn for å lage konsert, så det var veldig stort. David skjuler ein trombonist som no er i Tyskland, eg har akkurat vore og dirigert orkesteret hans i Frankrike, fortel Helge. Foto: Privat