Som del av eit landsomfattande tilsyn har fylkesmannen invitert kommunane Eid, Hornindal, Selje, Stryn, Vågsøy og Årdal til å delta i eigenvurdering av barnevernstenesta.

Tema for tilsynet og eigenvurderinga er todelt: At meldingar til barnevernstenesta blir forsvarleg vurdert og at plikta til å gje tilbakemelding til meldar blir ivareteken på ulike trinn i sakshandsaminga.

– Vi hadde oppstartsamling for eigenvurderinga den 25. mai. På samlinga gjekk vi gjennom krav til internkontroll og styring, tema for eigenvurderingstilsynet og metoden. Vi gjekk òg gjennom lovgrunnlag og revisjonskriteriar, fortel Gunn Randi Bjørnevoll, rådgjevar ved helse- og sosialavdelinga hos fyylkesmannen i Sogn og Fjordane.

I fjor deltok fem kommunar, ommunane Bremanger, Høyanger, Gulen, Vik og Fjaler, i eit eigenvurderingsprosjekt.

– Vår erfaring med eigenvurdering og læringstilsyn er positive. Vi opplever at dette er ei godt eigna arbeidsform som også gjev gode resultat på tenesteytinga. Denne måten å jobbe på gjev kommunane eit eigarforhold til arbeidet og ei betre forståing for kva som er årsakene til eventuelle avvik. Samtidig vert dei tilsette i tenesta bevisst på eigen praksis og om denne er i samsvar med gjeldande regelverk på område, seier Gunn Randi Bjørnevoll til Fjordingen.