I går var det 80 år sidan vegen mellom Olden og Innvik vart opna. Då vegen vart bygd gjekk det meste av trafikken med hest og kjerre. Likevel har delar av vegen stått nærmast urørt heilt til no, og det har vore ein kamp å få den utbetra.

Effektiv drift

Arbeidet med siste del av oppgraderinga av Olden-Innvik er no i gong. Det blir arbeidd på strekninga seks dagar i veka.

– Det er mange maskinar i arbeid, her er sett inn mykje ressursar, fortel Bø.

I dag har vi 54 personar i arbeid på entreprenørsida. Effektiv drift er det i alle fall, det er heilt sikkert, slår han fast. Arbeidet med siste parsellen vart sett i gong 1. april, og anleggsleiar Løvås skryt av framdrifta.

– No er vi komne 342 meter inn i fjellet. Vi legg opp til å la det smelle to gongar om dagen, det vil seie at vi kjem oss ti meter lengre inn kvar dag så lenge vi ikkje støyter på vanskeleg fjell, fortel ho.

Noko av massen frå tunnelen går rett til fyllingane langs vegen. Ein del av massen blir frakta opp til asfaltverket på Brynestad der det skal knusast om til pukk.

– Det skal vi bruke på dei øvste 80 cm av den nye vegen – effektiv gjenbruk, seier Bø.

Positive haldningar

Det er ikkje tvil om at arbeidet som blir gjort mellom Ugla og Skarstein er etterlengta både blant lokale og tilreisande.

– Det er få som er i mot arbeidet, og vi møter veldig mykje positive haldningar. Det set vi stor pris på, fortel Løvås.

Det er ei stor utfordring for anleggsarbeidet at det er så lite plass langs parsellen. I sommarhalvåret passerer det om lag 2000 bilar i døgnet.

– Det er mykje trafikk med tanke på den vegen ein har å trykke den gjennom på, seier Bø.

Det er lagt opp til ei ventetid på opp til 30 minutt for passerande trafikk. Det krev ein ekstra innsats frå entreprenøren når dei må jobbe i så korte intervallar.

– Heldigvis får vi betre og betre plass langs traseen ettersom fyllingane veks i takt med tunnelen. Det gjer det lettare for alle, både oss og trafikantane, seier Løvås.

Tilfredse leiarar: Silje Løvås, anleggsleiar Kruse Smith, og Vegar Sætren Bøe, byggeleiar Statens vegvesen, er nøgde med framdrifta på anleggsområdet. Foto: Ingrid Kvåle Faleide
1170 meter: Johan Øye frå Volda Maskin framfor forskjeringa ved Vangberg, vel 1 km aust frå innslaget ved Ugla. Etter ferien skal tunnelen drivast frå denne sida. Foto: Ingrid Kvåle Faleide