– Vendanor er svært dyktige og har fått eit gjennombrot der vi berre har sett starten.

Det seier Morten Roness, salssjef for propan i Norge i AGA AS til Fjordingen.

Han stadfestar at AGA har bestilt 20 automatar for levering inneverande år, og at Vendanor er AGA sin samarbeids- partnar på gassautomatar.– Dei har eit kanonbra produkt og er einaste produsent i Norge. Sal av gass gjennom automat har vist ein fin vekst, og AGA vil bestille automatar frå Vendanor i åra som kjem, utan at eg vil vere spesifikk på noko tal. Vi har og planar om å gå ut over Norge med dette produktet, men eg ønskjer ikkje seie meir om det no, seier Roness.– Dagleg leiar i Vendanor seier avtalen med AGA AS er eit viktig gjennombrot for dei. Er du samd i det?– Ja, det kan eg halde med han i. Som sagt har Vendanor eit kjempeprodukt gjennom gassautomatane. Dagleg leiar og verksemda har vore og er svært dyktige. Vi har stor tru på gassautomatar rett og slett fordi det er så enkelt for forbrukar. Kjøp av gass gjennom automat og ved bruk av kredittkort er ein måte å møte den digitale kvardagen på, seier Roness.