Det største friidrettsstemnet i Sogn og Fjordane, Sparebankleikane på Byrkjelo, vart avvikla over tre dagar i helga. Det var god deltaking frå heile landet, men flest frå heimefylket, Hordaland og Møre og Romsdal. Lokalt stilte utøvarar frå Hornindal, Stryn, Oppstryn, Loen, Olden og Vikane. Stryn T&IL stilte med heile 14 deltakarar.

Dei lokale utøvarane hevda seg svært godt i den harde konkurransen, med mange pallplasseringar og gode resultat. Ingeborg Sofie Sætren, Hornindal IL, vann 60 m, kule og lengde i klasse 11 år. I same klasse vann Oddrun Hjelmeset Kirkeeide, Stryn T&IL 600 m og høgde. Daniel Brekke frå Stryn vann lengde i klasse 15 år med resultatet 5,16 m. Klubbkamerat Andreas Flo Stavik fekk her resultatet 4,62 meter.

I seniorklassa var Oskar Raftevold, Vikane IL, einaste deltakar i høgdetevlinga. Han hoppa 1,85 meter.

Syskena Melheim, Olden IL, stod for i alt åtte pallplasseringar. Jannike vann 15-årsklassa på 200 meter med tida 27.68. Dette var godt under kvalifiseringskravet til NM for ungdom. Her vart strynejenta Malin Gran nummer tre med tida 28,73. Steffen Melheim (14) tok førsteplassen i kule, medan bor Mathias (17) fekk 2. plassar i kule og diskos med svært gode resultat.