– Folk kjem hit for å nyte roa og naturen. Vi vil ha ein liten og koseleg campingplass der folk kan kjenne seg heime.

Det seier dei nye eigarane av Olden Camping på Gytri i Oldedalen. Dei driv ein av mange koselege campingplassar i Stryn og Hornindal.

Godt vertsskap

Sjølv om dei er nye i bransjen, er ikkje Kristin Fonn Sveum og Roger Sveum i tvil om kva som skal til for å få fornøgde gjester.

– Vi vil ikkje vere så store at vi ikkje har tid til å ta vare på gjestene.Det er viktig å vite kva gjestene vil ha før dei veit det sjølve. Det har paret som nettopp flytta frå Hamar til Oldedalen verkeleg skjønt.

– I går kom nokre nederlendarar og spurde om dei kunne få låne bålpanna vi hadde sett fram. Så sette dei seg ved vasskanten og laga mat i kveldssola, dei kosa seg altså så fælt! fortel Kristin.

– Det er så kjekt å sjå at folk kosar seg her, det er jo det vi vil, legg Roger til.

Vestlandet lokka

Kristin kjem frå Sunde, 3 km lenger nede i dalen, og har vakse opp på Oldenvatn Camping. Roger og Kristin har leika med tanken om å flytte vestover i fleire år. Då Olden Camping vart lagt ut for sal tok dei turen over fjellet for å sjå.

– Vi sette oss opp i bakken her og såg utover, og då var det gjort. Vi måtte berre ta sjansen.

– At her var ein campingplass var no ikkje heilt slik vi hadde sett føre oss, seier Roger.Han har tidlegare jobba i eit selskap som driv med industriportar. Kristin har jobba i ei møbelforretning på Hamar i over 30 år. No står gardsdrift og campingplass for tur.

– Det er så godt å kome opp att, verkeleg. Vi har vorte veldig godt mottekne, smiler Kristin.

Fredfullt

– Dei fleste kjem hit for å sjå naturen, også blir dei for å nyte roa, fortel paret.

Dei legg vekt på at den heilskaplege opplevinga er viktig. Dei ønskjer å sikre det gode ryktet dei førre eigarane har gitt plassen, slik at gamle stamkundar framleis vil kome tilbake – og slik at nye gjester også vender attende.

– Kan ein gi folk den roa mange ønskjer kjem dei tilbake igjen og igjen, konkluderer vertane.