Revygjengen i Olden er klare for å vise «Cruise- kontroll» til helga.

– Det er ikkje noko som er så internt at folk frå andre bygdelag ikkje greier å henge med, lovar Silje Opheim. Vi spøker både med lokale, regionale og universelle tema, så her er alle velkomne, seier ho.

Opheim er ei av dei som er med å dra lasset for Olderevyen, og dermed også Oldedagane. – Hadde det ikkje vore for revygjengen hadde det ikkje vore noko Oldedagar, seier Inge Brynestad, som har hatt ansvaret for Oldedagane dei siste åra.

Viktig for bygda

Opplegget med revy vart starta for fleire år sidan for å redde Oldedagane økonomisk. Det er ikkje til å legge skjul på at revyen er livsviktig for arrangementet.

Då tidlegare revysjef Berit Melheim bestemte seg for å gi seg, var det uvisst om det vart noko revy til Oldedagane 2016. - Vi mista litt piffen, kan du seie. Berit har skrive mykje av tekstane og har hatt stålkontroll på alt rundt, oss inkludert, fortel Opheim.Det var også fleire andre i gruppa som trekte seg, og då følte dei attverande at dei stod att litt «ribba». - Tilbakemeldingane vi fekk då det vart kjent at vi vurderte å ta eitt år pause frå revyen var klare: Ingen Oldedagar utan Olderevy. Etter nokre rundar bestemte den harde kjerne seg for å dra lasset vidare, og no gler vi oss til å stå på scena igjen, fortel Opheim.

- Veldig populær

Olderevyen er ikkje berre viktig for økonomien til Oldedagane, det er også høgdepunktet stemningsmessig. Det er ikkje tvil om at det er mange som gler seg til å sjå dei lokale revyheltane i aksjon igjen.

– Tidlegare år har det vore opp til 600 personar som har sett revyen i løpet av helga, fortel Brynestad. Revyen blir vist to gonger. Hovudframsyninga er laurdag kveld, men fredag er det generalprøve. Det er borna sin sjanse til å få med seg kva dei lokale stjernene spøker med i år.Silje Opheim er glad for den gode oppslutninga rundt framsyningane deira, og seier det betyr mykje for gjengen som har arbeidd med revyen heilt sidan februar.