Dei som ikkje har høyrt henne syngje i band, har kanskje høyrt den varme røysta hennar framføre gospel i kyrkja. Men kven er ho, songfuglen frå Nord-Sverige som har landa i Oldedalen?

I tillegg til den varme røysta er det ein ting som kjenneteiknar Mona-Jill Knapp Forssén Haugen (27) meir enn noko anna: Den trillande låtten. – Ha ha, ja, eg har jo godt humør, stadfestar ho.

Til Sveriges største festival

Mona-Jill Knapp Forssén, no også Haugen, har på kort tid blitt eit kjent namn for alle som er glade i å danse. Mona-Jill Band har spelt på fleire av dei store dansefestivalane, vart nominert til Årets danseband i fjor og har spelt på eigne dansecruise på Stena Line. No i juli ventar Malungfestivalen, sveriges største dansebandfestival.

Bandet er også stadig spelt på m.a. NRK-programmet På dansefot, og den nye videoen «Mitt Paradis» går som ein farsott i sosiale medium.– På jonsokafta kom nokre tyske hyttefolk som hadde sett «Mitt Paradis» på nettet og funne alle plassane «sine» i Oldedalen på videoen. Moro, seier Mona-Jill.

Godt å få eit pusterom

At Mona-Jill frå Lycksäle i Nord-Sverige hamna i Oldedalen, skuldast tilfeldigheiter. Eller flaks, om ein vil.

– Eg hadde ei venninne som jobba i Briksdalen. Så hadde dei bruk for fleire folk, og så spurde ho meg, fortel Mona-Jill, som var 20 då ho fekk sommarjobb i Briksdalen. Det hadde vore ei tøff tid for unge Mona-Jill. – Pappa gjekk bort det året. Foreldra mine var skilde, så eg sat der med bil, hus og campingvogn, alt skulle seljast. Mamma hjelpte til, sjølvsagt, men eg følte at min eigen heim gjekk i oppløysing, eg hadde ingen planar og visste ikkje kva eg ville med livet. Då var det utruleg godt å kome til Briksdalen og få eit pusterom. Då sesongen var slutt og Mona-Jill skulle reise heim, trong ho skyss til bussen. Folka på fjellstova var opptekne, så ho spurde Rogeir Haugen frå Oldedalen skysslag. Det skulle vise seg å vere eit godt trekk.– Vi prata litt i bilen inn til Stryn, og heldt kontakta etter at eg var reist heim, seier Mona-Jill, som i sommar kunne føye etternamnet Haugen til resten av namna sine.

Vil kvarandre vel

Mona-Jill trivst som plomen i egget i sitt nye tilvære.

– Eg er oppvaksen i ei lita bygd, og er ikkje noko bymenneske. Så eg kjenner at her har eg det godt, her vil eg bu, seier ho, og ser seg rundt i den frodige dalen omkransa av stupbratte fjell og brear i himmelsjå. – Her er det fine folk, godt samhald og ein svært positiv tone. Folk vil kvarandre vel. Så eg stortrivst, både i Oldedalen og Olden, seier Mona-Jill, som til dagleg jobbar på Bunnpris i Olden.

Valde trommer

– Var du barnestjerne? Ei av dei som «was a singer before I could talk», som ABBA syng?

– Nei, absolutt ikkje. Det var alltid song og musikk i heimen, og far spela dragspel. Men eg byrja ikkje å lære noko musikk før på vidaregåande. Då søkte eg musikklinje, seier ho, og så bryt den trillande låtten ut igjen. –Du veit, ein skal ha eit hovudinstrument, og eg hadde jo ikkje spela nokon ting. Så eg valde trommer, eg tenkte «eg kan i alle fall halde takta»!

Konkurrerte i bordtennis

Nei, det var faktisk ikkje song som var fritidsaktivitet nummer ein for Mona-Jill i oppveksten.

– Pingis! seier ho. – Ping pong. Bordtennis, legg ho forklarande til, og slepper ut endå litt av den trillande låtten når ho ser den lett forvirra lokalavisjournalisten. Ei hylle med pokalar står att etter bordtenniskarriera. Faren var trenar, og Mona-Jill var ofte ute og konkurrerte. Men i tenåra var det slutt. – Eg vaks fort, og koordinasjonen var liksom ikkje med, ler ho. – Så då sat eg heime og spelte piano i staden.

Aldri tenkt tanken

I tillegg til trommene som hovudinstrument hadde ho piano og song som biinstrrument på vidaregåande, så no byrja musikken å ta stadig meir plass.

Då ho hadde flytta til Oldedalen og Rogeir Haugen sin tvillingbror Bjarte og hans bandkollega Maron Sandvik ville starte eit eige band, spurde dei Mona-Jill om å vere vokalist.Dermed var ho, som hittil hadde nøya seg med å synge i fødselsdagar og gravferder, brått blitt frontfigur i eit band med hennar namn. – Sjølv hadde eg aldri tenkt tanken, seier ho. Med ektemann Rogeir som manager har det blitt reine familiebedrifta.Bandet fekk god mottaking, og CD-en dei etterkvart gav ut fekk glimrande kritikkar. – Det var heilt fantastisk, seier Mona-Jill. Brørne Rogeir og Bjarte Haugen har skrive mykje musikk saman for andre artistar. No var det naturleg å skrive for eige band. – Vi her heldige som har Bjarte, Rogeir og Maron som skriv låtar. Og så har vi eit veldig godt samarbeid med Jakup Zachariassen frå Færøyane, seier Mona-Jill.

Byrjar å løsne

Ingen skal tru at det er nokon dans på roser å satse på eit nytt band. Det krevst både hardt arbeid, dei rette kontaktene og ein del flaks. Og ikkje minst: Ein må ut og spele.

Å dele scene med dei store artistane er noko av det som er viktig. – Vi delte scene med Anne Nørdsti på Vårdansen på Gol, det var kjekt. Og neste år skal vi dele scene med Rune Rudberg, fortel Mona-Jill. For neste års booking er for lengst i gang. Og det ser lovande ut, med fleire spennande jobbar alt i boks. Ny CD kjem også, truleg til hausten. – Det byrjar å løsne, og det er utruleg kjekt, seier Mona-Jill. – Fleire og fleire svenskar får også auga opp for oss. Så nu kör vi!

Busett seg: Rogeir og Mona-Jill gifte seg i sommar. Ho er frontfigur og vokalist i bandet, han er manager. - Her vil eg bu, her kjenner eg meg heime, seier Mona-Jill. Foto: Gunnhild Sindre
- Trommis: Det var ikkje song som var hovudinstrumentet hennar på vidaregåande. Det var trommer! Foto: Gunnhild Sindre
Dronninga: I vår delte Mona-Jill scene med dansebanddronning Anne Nørdsti. Foto: MJB
Mona-Jill på scena med bandet.