Denne veka var LOs Sommarpatrulje på besøk hos ungdommar tilsette i Stryn og Hornindal.

– Det viktigaste for oss er at unge arbeidstakarar skal få eit godt førsteinntrykk av arbeidslivet, seier ansvarleg for LOs Sommerpatrulje i Sogn og Fjordane, Øyvind Møller.

Saman med 20 andre engasjerte unge patruljerer han arbeidsplassar i fylket i sommar.

Gode resultat

Hos Hagen AS i Stryn var alt på stell då Øyvind Møller var på besøk.

– Her gjer dei ein god jobb, seier Møller. Ofte får sommarhjelpene dårleg opplæring i HMS, men her er dei flinke til å følgje opp det også. Møller skryt av å partulere eitt av dei betre fylka i landet.

– Sogn og Fjordane er generelt veldig bra, betre enn landssnittet, seier han.

I fjor braut om lag 20 prosent av dei Sommarpatruljen besøkte i Sogn og Fjordane reglane i Arbeidsmiljølova, men det er stort sett ikkje snakk om alvorlege brot. Resultatet ligg an til å hamne på om lag det same i år også.

Reiselivsnæringa dårleg rykte

Turistnæringa har vore kjend for å ikkje ha dei beste arbeidstilhøva, men Møller kan fortelje at det også her er gode forhold for ungdommane i Stryn kommune.

- Turistsesongen er tøff, og det er ei lågtlønna næring, men tilhøva har kome seg veldig i den bransjen også, fortel han. Til no har det vore upåklageleg her i kommunen.

Steffen Ekern Glosvik (18) begynte i jobben på Hagen i april. Han trivst godt i produksjonen på trappefabrikken. Foto: Ingrid Kvåle Faleide
Fornøgde: Erling Sæterlid, hovudtillitsvald ved Hagen og Øyvind Møller frå LOs Sommarpatrulje skryt av kvarandre sin innsats. Foto: Ingrid Kvåle Faleide