Lions Stryn er 50 år i 2016. Som ein del av markeringa gir dei rullestoltrekk til omsorgssentera i Stryn, Innvik og Hornindal.

Torsdag føremiddag vart gåvene til dei tre overrekt på omsorgssenteret i Stryn.

– Alle får vinterovertekk med regnbeskyttelse til rullestol, fortel påtroppande president i Lions Stryn, Andreas Solvik.

Representantane frå dei tre omsorgssentera forsikra alle om at desse vil bli flittig brukt.

I tillegg til rullestoltrekk får omsorgssenteret i Stryn eit piano i høve nybygget.

– Vi har sakna eit piano her på avdelinga etter at vi flytta det vi hadde over til ei anna avdeling, seier avdelingssjukepleiar Lisbet Sollid. Dette er ei kjærkomen gåve.

– Folk må gjerne kome hit og spele! understrekar områdeleiar for Stryn omsorgssenter, Aslaug Håøy Nygård.

No er der både piano og gitar i stova på Fiolen, og det blir sett stor pris på om nokon vil kome og spele.

Jenny Grov Kämpf spelar under gåveoverrekkinga på Stryn omsorgssenter. Foto: Ingrid Kvåle Faleide