Fylkesmannen har invitert fleire kommunar til dialog i etterkant av at fristen for vedtak i samband med kommunereforma gjekk ut 1. juli. I august vert det møte med kommunane Stryn, Eid, Gloppen, Selje og Vågsøy om den vidare prosessen i kommunereforma.

–Med grunnlag i utgreiingar, saker og vedtak i kommunane og at det er opna for at kommunane kan gjere vedtak om samanslåing innan årsskiftet, har fylkesmannen invitert fleire av kommunane til dialog og samtalar, opplyser fylkesmannen på si nettside. Kommunal- og moderniseringsdepartementet opna i slutten av juni for forlenga frist ut året for å gjere vedtak om samanslåing.

Open for andre

Mellom dei som skal ha samtalar med fylkesmannen er Vågsøy, Selje, Eid, Gloppen og Stryn. I tillegg er kommunane Sogndal, Leikanger, Balestrand og Vik i Sogn inviterte, og det same er kommunane Hyllestad, Fjaler og Askvoll.

– I desse møta blir det mellom anna diskutert kva som kan skje vidare i prosessen fram mot årsskiftet, og kommunestrukturen i eit lengre perspektiv, opplyser fylkesmannen. Også andre kommunar kan vere med i drøftingane:–Fylkesmannen er open for dialog og samtalar med andre kommunar som ønskjer det, opplyser fylkesmannen.

13 ja til samanslåing

Alle kommunestyra i fylket hadde innan 1. juli gjort vedtak i saka om kommunereforma. Av 26 kommunar, var det fem kommunar som hadde gjort gjensidige vedtak om samanslåing. Dei andre kommunane har anten gjort vedtak om samanslåing utan å få ja frå kommunane dei helst ønskte samanslåing med, eller vedteke å halde fram som eigen kommune.

I samband med arbeidet med kommunereforma har 22 kommunar i fylket gjennomført folkerøystingar og/eller innbyggjarundersøkingar. Mange av kommunane hadde fleire alternativ til samanslåing som innbyggjarane kunne velje mellom.– I sum fekk ja-alternativa fleirtal i 13 kommunar, men altså fordelt på ulike alternativ, opplyser fylkesmannen.

Vedtaka så langt

Dette er fylkesmannen si oppsummering av vedtaka i kommunestyra:

•Kommunane Førde, Jølster, Gaular og Naustdal har gjort gjensidige vedtak om samanslåing og Hornindal har vedteke samanslåing med Volda kommune i Møre og Romsdal.

•Stryn, Eid og Sogndal har gjort konkrete vedtak om samanslåing med andre kommunar, men kommunane dei ønskte samanslåing med har gjort andre vedtak om samanslåing eller å halde fram som eigen kommune.

•Selje, Vågsøy og Fjaler har kommunestyrevedtak som er positive til samanslåing, men kommunane dei ønskte samanslåing med har gjort andre vedtak om samanslåing eller å halde fram som eigen kommune.

•Dei andre 15 kommunane har gjort vedtak om å halde fram som eigen kommune. Her er det ulike bakgrunnar for vedtaka, som m.a. speglar avgjerder i felles prosessar der kommunar har ønskt samanslåing, men det har ikkje kome til semje mellom kommunane.