– Vi vil samlast og minnast tragedien i Oslo og på Utøya saman, seier varaordførar Torstein Tvinnereim.

Fredag 22. juli skal det vere minnemarkering ved støtta i Betaniaparken.

– Vi kjem til å legge ned ein krans, og Nils Petter Støyva vil halde tale på vegner av Arbeidarpartiet.

Det blir også musikkinnslag ved Marius Arntzen og Ketil Rasmussen.

– Det er i år fem år sidan tragedien, og kvart femte år er det bestemt at det skal vere ei større markering nasjonalt, fortel varaordførar Torstein Tvinnereim. Familien Fridtun kjem såleis ikkje til å vere til stades på markeringa i Stryn i år, legg han til.