Femårsdagen for terrorangrepa 22. juli blir markert både lokalt og nasjonalt, med arrangement i Oslo og på Utøya.

For første gong skal namna på alle dei 77 drepne bli lesne opp under minnemarkeringane. Det skjer i regjeringskvartalet fredag formiddag og på Utøya seinare same dagen.

Det er den nasjonale støttegruppa og AUF som står bak arrangementa, der både statsminister Erna Solberg (H), tidlegare statsminister Jens Stoltenberg, som no er NATOs generalsekretær, og leiaren av AUF Mani Hussaini blir med.

Også kronprinsparet, Stortingets presidentskap og fleire statsrådar blir med på markeringa i regjeringskvartalet. Etter markeringa blir det ei minnegudsteneste i Oslo domkyrkje. Her vil Stoltenberg halda minnetale.

Legg ned kransar

På ettermiddagen blir det ei markering på Utøya, med talar av Arbeidarpartileiar Jonas Gahr Støre og AUFs Hussaini, i tillegg til Lisbeth Røyneland, leiar av Nasjonal støttegruppe etter 22. juli-hendingane.

Som under tidlegare års markeringar skal det til saman leggjast ned fire kransar – ein frå regjeringa, ein frå Arbeidarpartiet, ein frå AUF og ein frå støttegruppa.

I år vil det også bli lagt ned kransar frå kongefamilien både i regjeringskvartalet og på Utøya, slik dei gjorde også det første året etter angrepa.

Lokale markeringar

I tillegg til desse nasjonale markeringane, blir det arrangement i ei rekkje norske kommunar.

Mange kommunar har eigne minnesmerke for dei drepne.

– Vi må aldri gløyme 22. juli og kvifor det skjedde, og at dei fleste som blei drepne var barn eller ungdommar. Vi gav kvarandre ein lovnad etter terroren – aldri meir 22. juli – og den lovnaden skal vi halda, sa Røyneland til NTB tidlegare denne månaden.

Ho mista den 18 år gamle dottera si under angrepet på AUFs sommarleir på Utøya.

Støttegruppa har tidlegare signalisert at det er naturleg at det offisielle preget på markeringane blir tona ned etter femårsdagen, i åra fram til tiårsmarkeringa. (©NPK)

Statsminister Erna Solberg, AUF-leiar Mani Hussaini, leiar i Arbeidarpartiet, Jonas Gahr Støre, NATO-generalsekretær, tidlegare statsminister, Jens Stoltenberg, fotografert under minnemarkeringa på Utøya i fjor. Dei skal også vere med på seremoniane på femårsdagen for angrepa fredag. Foto: Fredrik Varfjell / NTB scanpix
Det skal leggjast ned kransar både i regjeringskvartalet og på Utøya til minne om dei døde i angrepa 22. juli på femårsdagen fredag. Biletet er frå årsdagen i fjor. Foto: Audun Braastad / NTB scanpix