Forskarar frå fleire land er saman med NINA i gang med ein studie av om, og korleis, laks som er genmodifisert til å ete og vekse raskare kan påverke det øvrige livet i vassdraga.

SalmonInvade er eit europeisk samarbeidsprosjekt. Både økologiske og evolusjonære (utviklingsmessige) effekter av påverknad frå rasktveksande laksefisk skal sturderast.

Ulike årsaker

«Rasktveksande» kan i denne samanhengen også vere fisk som veks raskt fordi dei er selekterte for nettopp dette, eller som har høg vekstkapasitet av naturlege årsaker.

Det finst svært få studium som har undersøkt om introduksjon av ein rasktveksande genotype (individ som har arveanlegg for rask vekst) inn i eit naturleg miljø endrar økosystemet.– Hypotesa vår er at ein introduksjon av ein rasktveksande laksestamme vil påverke det lokale økosystemet i sterkare grad enn ein lokal laksestamme med naturleg vekst, seier Line Elisabeth Sundt-Hansen, forskar i NINA.

Etterliknar genmodifikasjon

Det vert ikkje brukt genmanipulert i laks i forsøka.

I staden simulerer forskarane rasktveksande genotypar ved å bruke veksthormonimplantat som aukar veksten til lakseyngel i tre månadar. – Ved å bruke denne metoden unngår ein å bruke arter eller genotypar som potensielt kan påverke eit naturleg system over tid, men i staden manipulerer veksten til den lokale laksestammen mellombels, forklarer Sundt-Hansen.

Utsetjing av lakseyngel i Ålabekk.

Tre ulike miljø

2015 vart det utført forsøk på NINA sin forskingsstasjon på Ims, der det vart brukt tre ulike miljø.

Fisk vart halden i innandørs kar (oppdrettmiljø), sett ut i elveparken (semi-naturleg miljø) og i ein sidebekk til Imsa; Ålabekk (naturleg miljø). – I elveparken vart effekten av rasktveksande og normalt veksande fisk på økosystemetet målt ved bruk av fleire metodar og i Ålabekk vart det utført kvalitative analyser av økosystempåverknad av fisken, seier Sundt-Hansen.

Klare i løpet av 2017

I 2016 gjentek forskarane forsøka, men vil fokusere på økosystemeffekten. No skal det brukast kunstige bekkar for å etterlikne eit naturleg økosystem, i tillegg til innandørs kar.

Resultata vil vere klare i løpet av prosjektperioden for SalmoInvade, som varer inn i 2017.

  • I prosjektet inngår samarbeidspartnarar frå Frankrike (Université Paul Sabatier, Laboratoire Evolution & Diversité Biologique), Tyskland (Leibniz-Institute of Freshwater Ecology and Inland Fisheries), Sverige (University of Gothenburg, Department of Biological and Environmental Science sine) og Norge (NINA).

  • Det vert ikkje brukt genmodifisert laks i forsøka, men veksthormonimplantat som aukar veksten i tre månadar

  • Forsøka er godkjende av Forsøksdyrforvaltinga i Mattilsynet