Det var eigentleg tilfeldig, det heile. Han jobba på skigymnaset på Hovden i Setesdal. – Ein flott skule, seier Sjur Ole Svarstad. Men det var langt heimanfrå, og han ønskte å kome noko nærare heimbygda. Så han sende inn ein søknad som trenar for rekruttlandslaget.

Om Norges Skiforbund hadde valt å køyre «safe», hadde dei tilsett nokon med 20 år meir erfaring, og Sjur Ole Svarstad hadde halde fram som lærar ein eller annan stad i landet. I staden valde skforbundet å ta ein råsjans og tilsetje den unge markaren. Det har dei aldri hatt grunn til å angre på.

På heimebane: Sjur Ole Svarstad og familien er no busette i Markane, og han kan trene på sin gamle arena Ullsheim, sommar og vinter. Foto: Gunnhild Sindre

Ein av verdas beste trenarar

Han har hatt hand om talent som Finn Haagen-Krogh, Thomas Northug, Didrik Tønseth og Heidi Weng, unge løparar som har kome opp frå rekruttlandslaget og markert seg sterkt. No sist sesong var det Emil Iversen og Ragnhild Haga, 12 løparar har han sendt opp på elitelandslaget i løpet av tida på rekruttlandslaget.

– Å tilsetje ein ung trenar har vist seg å fungere?– Halv-ung! Ja, kanskje var det ikkje så dumt. Ein trenar med ein viss autoritet som samstundes er litt på deira nivå. Etter fleire år med suksess med rekruttane har han no takka ja til å gå inn i ein trenarduo for elitelandslaget for kvinner, saman med Roar Hjelmeset. – Vi kjenner kvarandre litt frå før, men har stort sett ikkje vore på same stad. Så eg gler meg veldig til å få sjå han jobbe på nært hald, seier Sjur Ole. Han legg til at han er sikker på at Hjelmeset, som har vore trenar for dette laget i flerire år saman med Egil Kristiansen, har bidrege sin del til suksessen i laget.

– Så ein ting er i alle fall heilt sikkert: Eg skal jobbe med ein av verdas aller beste trenarar! VM det store måletI august ventar første samling med landslaget. Sidan går det slag i slag, med nasjonal sesongopning på Beitostølen i siste halvdel av november og verdscupopning i Finland helga etter.

– VM i Lahti er det store målet til vinteren, men dette laget har vel hatt for vane å prsetere frå første stavtak, seier Sjur Ole Svarstad.

Gode tips: Ungdomssamling i Markane i 2012. Sjur Ole Svarstad gjev tips og råd til Magnar Lødemel, Eskil Kveen og Simon Hjelmeset Kirkeeide. Foto: Gunnhild Sindre

Audmjukt lyttande

Han kjem til eit lag som har vunne det som er å vinne siste åra.

– Eg kjem til å vere audmjukt lyttande. Gripe fatt i det som har gjort dette laget til det det har blitt. Så får eg bidra med det eg kan, seier han.– Marit Bjørgen er eldre enn deg?– Ja, men eg er då eldre enn resten! ler den nye trenaren, før han blir litt alvorleg igjen:– Det er eit lag med store ferdigheiter og mykje kunnskap. Så det blir kjekt for meg å lære litt òg. Eigenutvikling er vel ein grunn til at eg gjer dette skiftet.

Gjensyn: Sjur Ole Svarstad har vore trenar for både Ragnhild Haga og Heidi Weng, og gler seg med å jobbe med desse igjen på elitelaget. Foto: Norges skiforbund
Nytt og spennande: For første gong skal Sjur Ole vere trenar for Therese Johaug og Marit Bjørgen. - Eg vil vere audmjuk og lyttande, seier han. Foto: Norges skiforbund

- Sjur Ole Svarstads elev

– Beskriv deg sjølv som trenar?

– Engasjement og offensivitet er nok gode beskrivelsar. I mangel av 20 års trenarerfaring har eg nok i staden spelt på ungdommeleg pågangsmot. Kjenneteiknet på rekruttlaget er også at det er ei ung, offensiv og framstormande treningsgruppe som ikkje set nokon grenser for kva dei kan få til. – Er det din påverknad som har skapt dette?– Eg er vel også slik som trenar, men kva som er høna og egget er kanskje vanskeleg å seie? Vi har i alle fall hatt ein filosofi om å gå for dei sjansane ein får, anten det er norgescup eller verdsup. Heve seg dess hardare konkurransen er. Det er ikkje alltid unge debutantar greier det. Men desse har greidd det. Dei har denne X-faktoren, seier Sjur Ole Svarstad, som legg til: – Vi må hugse på at eg har vore heldig og fått jobba med dei største talenta og dei ivrigaste ungdommane i Norge. Eg kan ikkje lage gull av gråstein. – Men så kjem det eit nytt talent opp på pallen i verdscupen og blir presentert av TV-kommentatorane som «Sjur Ole Svarstads elev». Det må vel vere stas?– Du veit, det der har eg aldri høyrt sjølv. Eg er stort sett på skirenn, eg då!