Ekteparet Per Tore Tangen og Lisbeth Amundsen frå Kolbotn er på bilferie i fjordane. Dei kan fortelje om fullbooka overnattingsstadar overalt.

– Vi kjem frå Geiranger og Trollstigen no og er på veg mot Førde. Vi har prøvd å finne rom heile vegen, men det er fullt over alt, fortel dei.

Dei ville helst bu i området rundt Stryn ei natt, slik at dei kunne besøke dalane og brearmane her, men det ser ikkje ut til å la seg gjere.

– Sommarkapasiteten i området er rett og slett for dårleg, seier Tangen.

Trass i fullbooka overnattingsstader skryter dei to av servicen dei har fått.

– Dei gjer verkeleg alt dei kan for oss på hotella, seier Amundsen. Dei har ringt rundt og prøvd å funne nokon som har ledig langs ruta vår, men utan hell, held ho fram.

– No får vi berre køyre vidare og håpe på at vi ser eit skilt langs vegen om nokon som har eit ledig rom ein stad, seier Tangen med eit smil. Dei let ikkje overnattingsproblema øydelegge ferien.

– Vi har ein veldig fin ferie altså! forsikrar dei. Det er jo litt spennande å ikkje vite kvar vi endar opp.

Per Tore Tangen og Lisbeth Amundsen reiser mykje. Dei har ei liste over plassar dei har lyst til å besøke i løpet av livet. No har dei snart fått kryssa av alt på lista, men desse traktene står att. Foto: Ingrid Kvåle Faleide