Professor ved institutt for geovitenskap ved Høgskulen i Bergen, Atle Nesje, besøkte Briksdalsbreen så seint som midten av juli og kunne ikkje sjå nemneverdige endringar på turistattraksjonen oppe i Briksdalen.

– Briksdalsbreen er stabil og er nærast uendra i storleik sidan i fjor. Fronten ligg godt nede i ein stabil formasjon, seier han.

Breen har halde seg stabil, trass i svært varmt ver dei siste dagane.

– Det er trykk på fossen, så det er tydeleg at det er smelting, men breen er stabil, seier Nesje.

Årets vinter skal heller ikkje ha påverka breen nemneverdig.

– Det tek tre til fire år før vi kan sjå korleis ein vinter påverkar breen, poengterer Nesje.