Det har vore lokale og sentrale markeringar på datoen kvart år sidan den svarte dagen 22. juli 2011. Ikkje alle er einige i at desse skal halde fram.

– Nei, det spørsmålet har vi høyrt: Når skal de slutte å markere dette? Det er veldig vondt å høyre, seier Kolbein og Eva Fridtun.

– Vi må ikkje gløyme. Dette med terror kjem nærare dag for dag, seier Kolbein. – Og så skal vi også markere dette for å heidre dei ungdommane som miste livet på Utøya. Og ikkje minst: Vi må ikkje gløyme det som vart sagt her i Norge i dagane etter åtaket, ord om samhald, kjærleik og demokrati, legg Eva til.

– Forstår de dei som meiner ein ikkje skal markere dette kvart år?

– Nei. For å ta eit eksempel: Det er snart 30 år sidan Vassdalen-ulukka. Det vert framleis markert. Det var ei rasulukke, dette er terror, seier Kolbein Fridtun. Dei understrekar at det ikkje er snakk om å ha dei store markeringane kvart år. – Det har vi aldri ønskt. Men ei enkel markering på datoen meiner vi er riktig. Og viktig, seier Eva og Kolbein Fridtun.

Tenkjer kvar ho hadde vore

Hanne Kristine er borte, men ho er i tankane til foreldra heile tida.

– Veldig ofte tenkjer vi på kvar ho hadde vore i dag. Ho hadde fylt 25 i år, hadde vore ferdig med sjukepleiestudiet og hadde vore i jobb i to år. Vi ser venninnene hennar og kvar dei er i dag, nokre av dei har stifta familie og fått barn. Så det er klart vi tenkjer på korleis hennar liv hadde vore no, seier Eva Fridtun stille.

- Det er ikkje snakk om å ha dei store markeringane kvart år. Det har vi aldri ønskt. Men ei enkel markering på datoen meiner vi er riktig. Og viktig, seier Eva og Kolbein Fridtun. Foto: Gunnhild Sindre

Kvardagen har dei greidd fordi dei måtte. Ein av måtane dei har greidd å takle det på er ved å vere med i støttegruppa for 22. juli. Der sat Kolbein i styret, no er han leiar for gruppa på fylkesnivå.

– Vi har stor støtte i kvarandre, både foreldre til overlevande og foreldre til etterlatne i same gruppa, seier Kolbein Fridtun. Denne støttegruppa er også i eit større nettverk saman med liknande grupper for Scandinavian Star-brannen, tsunamikatastrofa og ulukkene på Alexander Kielland, Bourbon Dolphin og fleire andre. – Ein går ut og inn av sorga. Nokre dagar går fint, andre dagar er heilt svarte, seier Eva og Kolbein Fritdun: – Men vi tenkjer på Hanne Kristine kvar dag. 22. juli blir vi aldri ferdige med.