Oldedalen Utviklingslag inviterte til dugnadskalas for å feire at Oldedalen skule no er nymåla.

På årsmøtet til utviklingslaget i vår vart vedlikehaldet på skulen diskutert, og bygdafolket utfordra styret til å få skulen oppattmåla. Elevane brukar skulen berre på dagar når vegen er stengd pga ras eller fare for ras, eller når for-eldra ikkje vågar å sende elevane til Olden pga rasfare. Utvendig vedlikehald har siste åra vore på eit minimum. Men skulen er viktig for bygda, både når elevane ikkje kjem seg til Olden, og som samlingsplass på fritida, fortel Jon Olav Kvamme, leiar i Oldedalen Utviklingslag.

- Vi kontakta Egil Erdal som var positiv til å skaffe kommunale vedlikehaldsmidlar til måling, viss vi tok arbeidet på dugnad. Bygdefolket stilte med lift, stigar og alt som skulle til for å skrape, vaske og måle. Kledningsbord vart bytta og knuste glasruter reparert. Både unge og eldre møtte opp, tilsaman 37 personar var innom og gjorde ein innsats.

Kvamme seier han er stolt av dugnadsarbeidet.

- Fargen er flott og bygningen har fått eit velfortent ansiktsløft. På vegne av utviklingslaget som har organisert arbeidet, vil eg takke alle som har stilt opp og hjelpt til. Om nokon skal nemnast spesielt, må det vere Linda Gytri som har vore med på dei fleste dugnadsøktene, og viser eit stort engasjement for samarbeid og utvikling. Skulen er ein viktig samlingsplass i bygda, sjøl om det ikkje lenger er ordinær skuledrift. Det har oldedølene vist gjennom dette dugnadsprosjektet.