Onsdag denne veka startar Blinkfestivalen i Sandnes, i år arrangert for tiande gong. Festivalen samlar det ypparste av langrennsløparar og skiskyttarar i verda, og blant deltakarane finn vi stryningane Tarjei Bø og Johannes Thingnes Bø.

Lysebotn opp

Torsdag går klassikaren Lysebotn opp av stabelen. Rulleskiløpet er eit motbakkeløp på sju kilometer, og i fjorårets utgåve klinka Tarjei Bø til med eit kjempeløp og vart til slutt nummer fire, berre slegen av langrennsløparane Matti Heikkinen (Finland), Alexander Legkov (Russland) og Maurice Manificat (Frankrike).

Kruttrøyk

Fredag og laurdag blir det skiskyttarkonkurransar i Sandnes sentrum, også der vil stryningane stille på startstreken.