– Som i alle store prosjekt har også vi møtt på utfordringar som har kravd snarlege løysingar. Noko anna kan ein heller ikkje vente, i eit så komplekst prosjekt og på ein så spesiell byggjeplass som Hoven. Når det er sagt, har vi ein særs løysingsorientert organisasjon som gjer at prosjektet er i rute. Det har gått i full fart gjennom heile sommaren, både på byggjeplassen og hos alle leverandørar i alle fag. Stor ros til alle for å bidra til at tidsplanen vår held. No nærmar HS Bygg seg innspurten for betongarbeida på fjellstasjonen for pendelbana. Om to-tre veker startar Garaventa montering av stålkonstruksjonane, seier dagleg leiar Richard Grov.

Ryggsekk-prinsipp

Både fjellstasjonen og fjordstasjonen er bygd slik at vekta på bygga held dei fast.

– Ein nyttar såkalla ryggsekk-prinsipp, ved at det vert fylt stein i ein svær «ryggsekk» bak eller under bygget, for så å støype igjen. Vekta gjer at bygga står i ro og toler belastningane frå pendelbana, forklarer Grov.

Kablane klare i oktober

Om seks-sju veker startar arbeidet med å strekkje kabel mellom fjellstasjonen og fjordstasjonen. I oktober skal fire bærekablar for pendelbana vere klare. Sjølve kabinen er på det næraste ferdigbygd ved fabrikken i Sveits. I februar vil bana vere klar for test og for bruk til transport under avslutninga av byggjeprosjeket.

– Kva med restaurantbygget?– Vi har fått på plass første del av grunnmuren og støypt bakveggen til teknisk rom. Golv til restaurantbygget vert levert i månadsskiftet august/september. Midt i oktober er målet å få tett tak. Deretter startar fasademontering, seier Grov.

240 millionar

– Korleis ligg prosjektet an økonomisk?

– Meir vegbygging enn opprinneleg budsjettert, jordkabel heilt opp og ein del endringar oppe på fjellet gjer at kalkyla for prosjektet er auka frå 202 til 240 millionar kroner. Dette løyser vi delvis ved auka låneopptak, delvis ved auka aksjekapital, seier Grov.

Richard Grov framfor fjordstasjonen, der betongarbeida er klare. Bygget inkluderer kjølerom for mat, tilrettelagt for transport til kafeteriaen 1.000 meter høgare opp. Foto: Bengt Flaten
Montering av stålkonstruksjonane er ein sjeldan luftig jobb. Foto: Jarle Grov
Anleggsarbeidet på Hoven og toppmasta for pendelbana er synleg på lang avstand. Foto: Bengt Flaten