– Det er ikkje berre skilnadar på kvinner og menn, men også skilnadar på typiske kvinne- og mannsyrke som gjer at det har vore vanskelegare for mødrene å vere i jobb etter 22. juli-åtaket, seier Kolbein Fridtun, sjølv leiar i Støttegruppa for 22. juli i Sogn og Fjordane. Han og kona Eva miste dottera Hanne Kristine på Utøya.

Kolbein er i dag tilbake i jobb i Stryn kommune sitt brann- og feievesen, medan Eva jobbar 50 prosent. Ho er i pleie- og omsorgs- etaten. – Eg har ikkje energi og krefter til meir, seier ho. – Eg har ein jobb som krev at ein er 100 prosent tilstades. Eg kan ikkje ta «time out» når det vert for tøft.– Det er trass alt mødrene som har bore fram barnet, og noko er nok kjønnsskilnadar. Men noko er også heilt sikkert jobbrelatert. Eg har nok større fridom i min jobb enn Eva har i sin, seier Koblein Fridtun.