Ei undersøking gjort av Nasjonalt kompetansesenter for psykisk helsearbeid (NAPHA) syner at ni av ti småkommunar ikkje har tilsett psykologar, skriv Nationen.Ellen Hoxmark i NAPHA meiner forslaget er godt i teorien, men vanskeleg å gjennomføre i praksis.– Det største problemet er kanskje å få psykologar til å flytte til mindre kommunar, seier Hoxmark.

Statssekretær Lisbeth Normann i Helse- og omsorgsdepartementet trur småkommunane må støtte seg til nabokommunane for å innfri det lovfesta kravet.– Det kan vere vanskeleg å rekruttere til dei små kommunane. Vi ser stadig fleire døme på interkommunalt samarbeid der kommunane samlokaliserer og samorganiserer. Det er rekrutteringseffektivt, seier Normann til Nationen.Sidan 2009 har Helsedirektoratet hatt eigne tilskotsordningar til kommunane for rekruttering av psykologar. (©NPK)