Fylkesmennene i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane inviterer til fellesmøte mellom fylkesmennene og dei to kommunane 25. august.

– Dette er meint som eit oppstartsmøte eller startskot for den prosessen kommunane no skal i gang med. Sjølv om Stortinget ikkje gjer sitt vedtak om regionreform og kommunereform før i juni 2017, er det mykje arbeid som kan og bør startast opp allereie no, seier Vigdis Rotlid Vestad, prosjektleiar kommunereform hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Fylkesmennene i dei to fylka vil ha med seg ein million kroner i startkapital for det arbeidet som skal startast opp.

Prosjektleiing

– Kommunane kan nytte dette til prosjektleiing og prosjektarbeid i tida fram mot det endelege stortingsvedtaket. Alle kommunane som slår seg saman får slik oppstartskapital, seier Rotlid Vestad.

– Er det ekstra vanskar knytt til arbeidet kommunane skal gjennom fordi dei ligg i to ulike fylke i dag?– Nei vi ser ikkje noko problem i at kommunane ligg på kvar si side av grensa. Vi har tilsvarande spørsmål i nrod, der Rindal ønskjer seg til trøndelag. Dette handlar om kommunane, regionreforma lever sitt eige liv, seier Rotlid Vestad.Anne Karin Hamre, fylkesmann i Sogn og Fjordane, stadfestar fellesmøtet mellom dei to fylkesmennene og dei to kommunane som har vedteke å slå seg saman.– No handlar det om å diskutere vegen vidare og korleis kommunane skal jobbe praktisk vidare. Dei vil jobbe i tett samarbeid med begge fylkesmennene, seier Hamre.

Felles middag

Møtedagen startar på Austefjord skule der fylkesmennene går gjennom regelverk og den vidare prosessen. Her vil forhandlingsutvala i dei to kommunane møte saman med rådmennene, sakshandsamarar og tillitsvalde. Deretter går turen til Grodås, der det vert felles middag for dei to kommunestyra på Raftevolds Hotel, og deretter orientering for alle kommunestyrerepresentantane. I følgje programmet vil rundt 70 personar vere til stades under middagen, som og vert fylkesmennene sin offisielle gratulasjon av samanslåinga mellom Hornindal og Volda.

Etter orienteringa på Grodås reiser Volda-politikarane tilbake til Austefjord for å halde eige kommunestyremøte.