Søndag 21. august inviterte Randabygd sokneråd til 100-årsjubileum for Randabygd kyrkje. Ei nær fullsett kyrkje tok imot biskop, prost, fire tidlegare sokneprestar og noverande kateket til ei festguds-teneste utanom det vanlege.

Nordsida Barnegospel slo an tonen før preika til Biskop Halvord Nordhaug. Han snakka om at det å gi bygdefolket ein åndelig heim tett ved sin eigen heim var visjonen då dei bygde kyrkja. Å få møte Gud i den bygda ein bur i. Biskopen snakka om korleis kyrkja skal vere ei open kyrkje med plass til alle, men at Jesus alltid måtte vere i sentrum.

Stårheim Songlag framførte vakre songar. Det er ein fryd å få oppleve eit så dyktig kor i ei kyrkje med så god akustikk som Randabygd kyrkje har. Dirigenten Olga Pavlova hadde også med seg fiolinen sin og ho spelte saman med organisten til alle salmane. Ho hadde og med seg to dyktige elevar og spelte både innmarsj og utmarsj. Prestane, kateketen og prosten deltok i ulike deler av gudstenesta.

Etter gudstenesta var det festmiddag i Grendahuset. Her serverte ein betasuppe, slik kyrkjeringen serverte den på førjulsarrangement i tidlegare tider. ”Kyrkjeringen har lagt inn årane”, sa leiar for soknerådet Reidar Sørland, ”men det er framleis folk i båten”. Øystein Frivold framførte eigne melodiar med tekstar av Rolv Tvinnereim og Bodvar Sølvberg.

Jon Tvinnereim tok for seg historia til kyrkja. Det var viktig for folket å få eiga kyrkje slik at dei slapp å ro over fjorden til Utvik eller Vereide i både storm og stille. Ein kan ikkje anna enn vere imponert over dei som for meir enn 100 år sidan ville bygge kyrkje i ei lita bygd. Det tok berre åtte år frå dei starta innsamling av midlar til kyrkja stod ferdig. Dei arrangerte støylsfestar, basarar og innsamlingar og mange ga gåver til arbeidet. Arkitekten Jens Sølvberg var ansvarleg for utsida av kyrkja då denne måtte godkjennast. Utføringa innvendig vart avgjort av ein lokal komité i samarbeid med arkitekt, byggmeister Rasmus Gald og kunstnaren Ferdinand Tranaas som også målte altertavla.

No ser vi at prosjektet vart vellykka. Ho ligg så vakkert til på ei lita hylle nede ved fjorden. Her har ho stått stødig blant bratte bakkar i 100 år og trufast tent folket i bygda. Biskopen ba folk bruke kyrkja meir. ”Vis oss i Bergen at denne kyrkja er liv laga”, sa han og advarte at ein med dagens ressurser er usikre på om ein kan oppretthalde den same gudstenestefrekvensen ein har i dag. Dette gjeld ikkje Randabygd spesielt men heile bispedømmet.

”Det sikreste bidraget de har for å halde gudstenestefrekvensen oppe er å møte opp når det er gudstenester!” sa biskopen. Prosten kunne fortelje at soknepreststillinga no vil bli utlyst med tilsetjing til hausten. Det blir ei kombinert stilling som sokneprest og personalprest i prostiet. Dette for å unngå problem når Hornindal blir lagt under biskopen i Møre.

Dei kyrkjeleg tilsette: Fremste rekke (f. v.) Kyrkjeverje Børre Lian, Ole Amund Gillebo, Anitha Kvamme, Mari Saltkjel og Biskop Halvord Nordhaug. Bakerste rekkje: Prost Rolf Schanke Eikum, Øystein Frivold, soknerådsleiar Reidar Magne Sørland, kateket Beate Nes og Jon Ytrehorn.