Lødøen tok då over etter Odd Einar Fimreite. At stillinga som fram til no har vore dominert av menn har ikkje Lødøen ofra mange tankane.

– Det har eg ærleg talt ikkje reflektert over. Dei mannlege sjefane eg har hatt i etaten har inspirert meg med gode leiareigenskapar og stor arbeidskapasitet, seier den ferske skule- og kultursjefen.

Allsidig bakgrunn

Lødøen har mange års erfaring som lærar bak seg, frå Hammerfest i nord til norsk skule i Spania i sør. Lengst fartstid har ho likevel ved Tonning skule i heimbygda. Der jobba ho fram til 2005, då ho tok til som konsulent på skule- og kulturkontoret. I 2011 vart ho nestleiar i etaten.

– Dei unge er framtida

Interessa for oppvekstvilkår generelt og skule spesielt sit i ryggmargen til Lødøen.

– Born og unge er framtida vår, og eg trur oppgåver knytt til vår sektor er eit av hovudoppdraga i det kommunale tenesteapparatet. – Trivsel og læring i barnehagar og skule og gode kulturtilbod til innbyggjarane, det gir eit rikare liv til alle seier Lødøen, som synest det er eit privilegium å få vere med å stake ut kursen for korleis ein skal skape dette.

Trivsel og læring viktig

–Det viktigaste satsingsområdet er alltid trivsel og læring, heilt ifrå barnehagealder. Det er barnehagen som legg den første og viktigaste steinen i grunnmuren, ein grunnmur vi har teke på oss ansvaret for å vere med å bygge, seier Lødøen.

Den reiseglade skule- og kultursjefen er leiar for ein stor etat med mange brukarar og tilsette. Eit hovudmål for Lødøen er å vidareføre eit godt tenestetilbod for alle.– Etter mange år i kommunen veit eg at Stryn kommune er ein veldriven organisasjon med ambisjonar om høg kvalitet for innbyggjarane. Eit godt lagarbeid kring strategiar og utviklingsmål er heilt avgjerande, fortel ho vidare.

Utfordringar

Hilde Lødøen seier at det er mange oppgåver i skule- og kultursektoren som skal løysast. Ho er glad for at ho har tilsette som er godt kvalifiserte og med høg kompetanse. Ho ser likevel rekruttering til sektoren som ei utfordring framover.

– Det er mange i arbeidsstokken som nærmar seg pensjonsalder. Fram til no har ikkje rekruttering vore noko stort problem, men det er rift om fagfolka, og det kan stramme seg til. Vi må setje vår lit til at ungdommen vel utdanning til våre yrke, og at dei ønskjer å busette seg i dei vakre bygdene våre i kommunen, seier Lødøen.

Skulestruktur ikkje tema

Noko som opptek mange er bevaring av skulane, spesielt i bygdene utanfor sentrum.

– Det er ikkje politiske signal som tyder på at dette blir tema no, og det er ingen vedtak som peikar mot endring av strukturen seier Lødøen, som forheld seg til føringar lagt av kommunestyret.