– Det svir litt meir når det er Johan Eirik som går i frå, seier Jarle Midthjell Gjørven, og får samtykkande nikk frå kameraten og rivalen. Men for han har det blitt meir regelen enn unntaket det siste halvtanna året at eitt år yngre Johan Eirik Meland slår han på hardøktene og i konkurransar. Men etter ein tøff sjukdomsperiode vinteren 2014 kan 23-åringen endeleg varsle at han er på veg tilbake i godt, gammalt slag.

– Eg tykkjer det går fortare og fortare. Det er ikkje lenger heile tida tungt slik som det har vore siste halvtanna året. No kan eg kanskje håpe på gode plasseringar når eg skyt ti treff, seier han og smiler skeivt. For skytinga har aldri stått tilbake hos Gjørven. Også i vinter varta han opp med mange gode seriar på standplass, men svak fysisk form førte han likevel langt ned på listene.

NM rulleskiskyting

Også Johan Eirik føler han har trent bra og er i god rute i sesongoppkøyringa. Litt omlegging av treninga, i ulike intensitet- og mengdebolkar i fem veker syklusar, er noko 2. årssenioren har stor tru på.

– Det går rykter på Lillehammer om treningsopplegget vårt, gliser han. Førre veke sette Meland personleg rekord på 3.000 meter med 7-8 sekund, men første skikkelege test får han og dei andre om ein liten månad. Då ventar NM i rulleskiskyting i Vik i Sogn.

– Målet er å slå 15. plassen frå i fjor, seier Meland.

– Eg veit eigentleg ikkje, men eg må i alle fall slå resultatet frå i fjor. Det var langt ned på lista, seier Gjørven. I NM skal dei gå sprint og 12,5 km jaktstart.

Samling i Stryn

Begge markaneløparane er med på det åtte løpar store privatlaget Team Skistua Hemsedal. Basen er Lillehammer, men den siste veka har seks av løparane hatt samling i Stryn. Ved Strynsvatnet Camping har dei fått sponsa opphald og mat. Rulleskiturar, løpeturar og besøk på Skåla har vore noko av programmet denne veka.

– Fleire var svært nøgde med å endeleg få vere her i sol, seier Jarle.

På hurtighetstreninga etterpå kjem konkurranseinstinktet på nytt fram. Stavar som bryt så flisene fyk vitnar i alle fall om at det ligg innsats i treningsarbeidet.

<strong>Kompisar og konkurrentar:</strong> Johan Eirik Meland og Jarle Midthjell Gjørven finn glede og inspirasjon i å trene saman for å bli best muleg skiskyttarar. Men lite svir meir enn å bli slegen av den andre innrømmer dei to løparane. Her frå Team Skistua Hemsedal si rulleskiøkt på Ullsheim.
<strong>Stavbrot:</strong> Jarle Midthjell Gjørven måtte hente seg ny stav halvvegs i hurtighetstreninga.
<strong>Teamet:</strong> Espen Sonflå, Jarle, Johan Eirik, Anders Juveli, Sondre Bollum og Lasse Virkestad er seks av åtte løparar på Team Skistua Hemsedal.