Blant ei rekkje punkt i sakslista under første formannskapsmøte etter ferien, vart og kommunesamanslåing diskutert onsdag. Ordførar Flo var tydeleg på at det blir viktig å kartlegge aktuelle samarbeidspartnarar fram mot 1. oktober når fylkesmannen skal gjere si anbefaling om eventuelle samanslåingar.

Trur ikkje på tvangssamanslåing

– Fylkesmannen si anbefaling vil bli vektlagt sentralt. Stryn er ikkje i ein kategori der vi står i fare for å bli tvangssamanslått, sa Flo og argumenterte med det han meiner er tungtvegande faktorar for fylkesmannen si anbefaling overfor regjeringa.

– Eit av dei viktige kriteria er økonomi. Stryn kommune har sterk økonomi og vi leverer gode tenester. Vi har folketalsvekst og har eit aktivt og sterkt næringsliv, poengterte Flo.

Vil snakke med Eid

– Kan eg få snakke med Eid? spurde Flo formannskapet. Utan noko tydeleg ja eller nei frå formannskapet på dette spørsmålet, sa Flo at han ville nytte seg av retten til å snakke med Eid, utan å formalisere noko.

– Eid har og signalisert i sitt formannskap at dei vil snakke med oss, sa Flo. Formannskapet var skjønt einige om at sjølv om Stryn skulle bli ståande åleine så må kommunen truleg belage seg på meir interkommunalt samarbeid.