Når regionreform vart diskutert under formannskapsmøtet onsdag var det tydeleg kva alternativ som er dei føretrekte kandidatane i det som formannskapet trur vil bli ein sterk vestlandsregion.

– Det mest aktuelle for oss er ein region med Hordaland, Sogn og Fjordane og delar av Møre og Romsdal, i alle fall Sunnmøre, sa ordførar Sven Flo til semje i formannskapet.

Vil ikkje i region med Rogaland

Eit alternativ der Nordfjord skulle utskiljast frå Sogn og Fjordane og bli ein del av Møre og Romsdal var tydeleg uaktuelt for formannskapet. Aktuelt er det heller ikkje å vere i region med Rogaland.

– Eg forstår ikkje kvifor det forhandlast med Rogaland i det heile, vart det sagt. Det var semje i formannskapet om å be fylkeskommunen om å avslutte forhandlingane med Rogaland.

– Vi vil og be dei andre nordfjordkommunane om å gjere det same, sa Flo som understreka at regionreforma ikkje blir bestemt på kommunalt nivå.

– Viktig med ein sterk vestlandsregion

Flo meinte likevel at det er utenkeleg at Stryn vil bli ein del av Møre og Romsdal.

– Møre og Romsdal trekkast meir mot Trøndelag. Utgangspunktet er at vi vil vere ein del av ein sterk vestlandsregion. Vi vil ikkje vere trønderar, sa Flo. Han trur ikkje Sogn og Fjordane vil bli ståande åleine i høve regionreforma.

– Sogn og Fjordane er eit lett bytte i denne samanhengen, sa Flo.