Stryn tek i helga turen til Ålesund for å møte Rollon, eit lag som ligg nest sist på tabellen. Likevel slo dei Stryn i det omvendte oppgjeret i vår, ein kamp som for Stryn sin del kanskje var årsverste.

Stryn sin toppscorar, Mads Wie, står så langt i år med 17 scoringar i serien. Det betyr at han har scora 60 prosent av alle Stryn sine mål.

– Det viktigaste er uansett at vi får med oss tre poeng i helga for å halde følgje med laga framfor oss på tabellen, og vi er veldig revansjelystne, seier Wie.

Wie er elles nøgd med sju av ni mulege poeng for Stryn så langt i haustsesongen.

Til kampen mot Rollon, som for Stryn nesten er ein «må-vinne-kamp», er Ruben Garlid og Emil Allesøe tilbake i troppen.

Kampen kan du følge her.