Nordfjordrådet har løyvt 50.000 kroner til Stad skipstunnel. - Stad skipstunnel er eit nasjonalt prosjekt det er viktig å støtte opp om, heiter det i vedtaket.

Stad skipstunnel ligg inne i Nasjonal transportplan (NTP) 2014-2023 med ein milliard kroner i siste del av perioden . Prosjektgruppa har som mål at ved rulleringa av NTP til våren skal Stad skipstunnel vere inne i første fireårsperiode, og då med byggjestart i første del av denne perioden. Prosjektgruppa har jamnleg kontakt med Samferdsledepartementet og Kystverket, og arbeider elles med informasjon om prosjektet i ulike fora, mellom anna for politikarar, transportbransjen m.m.I utgangspunktet søkte prosjektgruppa om 100.000, men løyvinga vart på det halve, 50.000 kr. Ordførarane frå Selje og Vågsøy gjekk frå som ugilde då saka vart behandla.