Fylkeskommunen ynskjer å setje «tak» på storleiken på kjøpesenter i Stryn, Eid, Måløy og Sandane.  - Nei, seier Nordfjordrådet, som meiner det er feil å forskjellsbehandle tettstadane i fylket. For Sogndal, Florø og Førde er det ikkje lagt opp til nokon avgrensing når det gjeld areal på kjøpesenter.

Sogn og Fjordane fylkeskommune har lagt retningslinjer for lokalisering av handel og kjøpesenter ut på høyring.

Inga avgrensing for Førde, Florø eller Sogndal

Nordfjordrådet, som er samansett av ordførarane i alle kommunane i regionen, behandla høyringsutkastet i møtet denne veka, og eitt av punkta fekk rådet til å reagere.

I det tredje punktet i retningslinjene står det at i byane/tettstadane Førde, Florø og Sogndal kan det etablerast «større kjøpesenter» i sentrumsområda, med andre ord utan at det er sett nokon konkret avgrensing.

- Inntil 11.000 kvadratmeter

Kommunane i Nordfjord, derimot, er føreslegne å avgrensast med eit øvre «tak» på arealstorleiken. Medan Førde, Florø og Sogndal altså kan etablere «større kjøpesenter», heiter det i utkastet til retningslinjer at det «på Sandane, Eid, Stryn og Måløy kan etablerast kjøpesenter med inntil 11.000 m2 bruksareal».

Vidare heiter det at «for alle andre tettstader er grensa fastsett i samsvar med forskrift om rikspolitiske reglar for kjøpesentra med 3.000 m2».

Ønskjer ikkje «tak» Dette vil ikkje Nordfjordrådet godta.

– Nordfjordrådet ønskjer ikkje at det vert sett tak på kjøpesenterstorleik på 11.000 m2 for tettstadane Sandane, Eid, Stryn og Måløy, slik det vert gjort framlegg om i retingslinjene, heiter det i ei samrøystes høyringsfråsegn frå Nordfjordrådet.

Ikkje skilnadar mellom Sogn, Sunnfjord og Nordfjord

At det vert gjort skilnadar på de ulike tettstadane er ikkje noko Nordfjordrådet set pris på, går det fram av høyringsuttalen, som sluttar slik:

– Nordfjordrådet vil jobbe for ei god utvikling av tettstadane framover, i samsvar med føremålet i retningslinjene. Nordfjordrådet meier prinsipielt at det ikkje skal vere skilnadar i fylkeskommunen sine retningslinjer for kjøpesenter i Nordfjord, Sunnfjord og Sogn.