Produksjonsdirektør i Ekornes ASA, Ola Arne Ramstad, er veldig positiv til planane om å utbetre den mykje omtala vegen gjennom Hornindal.

– Vi har tidlegare pressa på for ei utbetring når vegen har vore omsnakka tidlegare, seier Ramstad.

Meir trafikk

Ramstad seier at Ekornes på Grodås får endå meir trafikk over fv 60 no når fabrikken på Hareid blir lagt ned.

– Med levering av trekomponentar også til Hareid brukte vi Kvivsvegen, no blir det endå meir trafikk over fv 60 til Sykkylven, seier Ramstad.

Transportskade

Han legg ikkje skjul på at den dårlege vegstandarden har bydd på problem for bedrifta.

– Den humpete vegen har fleire gonger medført transportskade på våre trekomponentar. Ramstad opplyser vidare at Ekornes på Grodås har to transportar ut frå fabrikken dagleg.

Også fabrikksjef ved Ekornes Grodås, Knut Ove Rygg, ønskjer ei fortgang i utbetringa velkomen.

- Ein god og sikker fv 60 er heilt avgjerande for vår bedrift, seier Rygg, som fortel at dei opplever at stadig fleire på begge sider av fylkesgrensa ser behovet for å få gjort noko med vegen.

Rygg forventar ei utbygging rimeleg raskt uavhengig av reformarbeidet som pågår.

- Det er sjølvsag flott at Volda og Møre og Romsdal sinaliserer det same, avsluttar Knut Ove Rygg.