I løpet av haustjakta skal det takast hjerneprøver frå over 4.000 hjort, elg og villrein. Dette skal bidra til å kartleggje førekomsten av Chronic wasting disease (CWD) i Norge.

Chronic wasting disease (CWD) er ein sjukdom som rammar hjortedyr (elg, hjort, rådyr, villrein og tamrein).

Sjukdomen vart første gong påvist i Norge i vår. Først på ein villrein i Nordfjella i Sogn og Fjordane og deretter på to elgar i Selbu i Sør-Trøndelag. CWD er dødeleg for hjortedyr, og ved mistanke om sjukdommen skal det alltid rapporterast til Mattilsynet.

Gloppen og Flora

– Gloppen og Flora skal ha innsamling av materiale for analyse av CWD frå alle felte hjort i jakta i haust. I Stryn og Hornindal vert det innsamling av materiale frå alt fallvilt, påkøyrde dyr og nokolunde ferske dyr som ligg lett tilgjengeleg, unnateke til dømes dyr som har lege lenge i fjord og elver, opplyser Odd Rønningen, viltansvarleg i Stryn kommune.

Det skal også sendast inn prøver frå dyr som vert avliva på grunn av unormal åtferd eller er tydeleg sjuke. – I desse tilfella vil vi prøve å få til opplæring av ettersøkspersonell til å ta prøvene, seier Rønningen. I tillegg må alle som leverer dyr til kontrollen i Mattilsynet ta med hovudet for prøvetaking. – For desse tilfella er det viktig at kjeven vert teken ut for aldersbestemminga før ein tek resten av hovudet med til kontroll- stasjonen, seier Odd Rønningen.

Samarbeid

Jaktinnsamlinga vert gjennomført som eit samarbeid mellom kommunane, NINA, lokalt Mattilsyn og andre ressurspersonar.

I tillegg vert det samla inn hovud i dei fleste kommunane som er med i bestandsovervakingsprogrammet for hjortevilt.– Ved å undersøkje dyr frå overvakingsområda vil vi få betre oversyn over førekomsten av CWD i ulike delar av landet. I tillegg kan vi kopla denne informasjonen til andre opplysningar om dei skotne dyra, seier Rolandsen.

Oftare i enkelte grupper?

Undersøkinga har mellom anna som mål å avdekke om denne sjukdommen opptrer oftare i enkelte kjønns- og aldersgrupper. Dette er viktig, seier Rolandsen.

– Det er difor spesielt føremålstenleg å leggja denne innsamlinga til overvakingskommunane der vi allereie aldersbestemmer ein stor del av dei skotne dyra.I desse områda vil det lokale Mattilsynet ta ei hjerneprøve frå hovudet, og hovudinnsamlinga kjem difor i tillegg til ordinær kjeveinnsamling, og dessutan livmor og eggstokkar, som òg vert leverte inn i enkelte kommunar.

  • CWD er ein prionsjukdom som er dødeleg for dyret og kan smitte mellom hjortedyr

  • CWD vert kjenneteikna ved gradvis tap av nerveceller i hjernen, nevrologiske symptom og avmagring

  • Sjudommen endar alltid med døden

  • CWD er en B-sjukdom og forekomst av eller mistanke om CWD skal umiddelbart rapporterast til Mattilsynet

  • Det finst ulike typar prionsjukdommar hos dyr

  • Mest kjende er skrapesjuke hos sau, kugalskap (BSE) og CWD

  • Av desse er det berre kugalskap som ein veit kan smitte til menneske

  • Smitte til menneske er ikkje rapportert i forbindelse med skrapesjuke hos sau eller CWD hos hjortedyr

  • Det er ikkje påvist nokon samanheng mellom skrapesjuke hos sau og CWD hos hjortedyr

  • Mattilsynet har utarbeidd eit informasjonsskriv til jegrar for at dei skal lære meir om sjukdommen, lettare kan bidra til å skaffe oversikt over utbreiinga av CWD og hjelpe til med å redusere eller forhindre smitterisiko til nye område