Det var ein førebudd styreleiar og nestleiar av IL Veten som vitja formannskapet i Stryn onsdag. Der argumenterte dei kvifor klubben no søker om 150.000 kroner i årlege driftsmidlar til løyper og hoppbakkar, i tillegg til dei 50.000 kommunale kronene klubben allereie får i årleg driftstilskot av hoppbakke og løypenett.

Har underfakturert i årevis

Ifølge styreleiaren er noko av problemet at folk aldri veit om løypene er preparert eller ikkje. Klubbleiinga informerte formannskapet om at Sølvberg Snøservice skal over lang tid har operert med underfakturering når dei har preparert løypene og hoppanlegget for IL. Veten.

Søker driftstilskot Styreleiar i IL Veten, Oddvin Myklebust og nestleiar Jorunn Skrede la fram idrettslaget sine utfordringar til formannskapet i Stryn. Foto: Roger Oldeide

Sølvberg Snøservice seier til Fjordingen tysdag at dei har operert med underfakturereing i mange år.

- Eg vil seie at normal timepris er det doble enn det vi fakturerar IL. Veten med. Ein kan vel kalle det for dugnad, seier dagleg leiar av Sølvberg Snøservice, Olav Nyberg.

– Slik kan det ikkje halde fram. Verken for dei eller for oss, sa nestleiar i IL. Veten, Jorunn Skrede.

– Lokale hoppanlegg er viktige, det er Anders Fannemel eit godt døme på. Fannemel hadde aldri kunne representert Norge utan eit slikt, sa Myklebust.

Aktuelt med junior-NM

Myklebust kunne elles opplyse om at dei saman med Skiforbundet vonar å finne dato for eit junior-NM.

– Om dato kjem på plass kan det bli junior-NM i Bjørkelibakken alt neste år, sa Myklebust som var nøgd med presentasjonen for formannskapet.

– Eg opplevde møtet med kommunen som positivt. Dei verka interessert i det vi hadde å presentere, sa Myklebust etter møtet.

– Hensikta med dette møtet var å danne oss eit bilete av ulike behov og utfordringar idrettslaga har. Spørsmålet om driftsstøtte vil bli handsama i eit kommunestyremøte i slutten av året, sa ordførar Sven Flo.