I mangel av asyltilstrøyming til Norge har UDI beslutta å legge ned 7000 mottaksplassar i Norge. Stryn statlege mottak i Innvik stenger dørene 30. november etter eitt år med drift.

- Korleis vil Norsk Mottaksdrift karakterisere samarbeidet med Stryn som vertskommune for asylmottak?

- Mottaket i Stryn vart opna då tilstrøyminga av asylsøkjarar til Norge var på det høgste i fjor haust. Det vart gjort eit fantastisk stykke arbeid av tilsette på mottaket og i Stryn kommune for å ta i mot asylsøkarane som raskt kom til mottaket, seier regionleiar i Norsk mottaksdrift AS, Ronja Trolie.

Takksam

Regionleiaren er takksam for måten Stryn har fungert som vertskommune.

Mottak 140 asylsøkjarar, i hovudsak frå Syria, har vore tilknytta mottaket i Innvik den siste tida. Foto: Roger Oldeide

– Eg vil spesielt rose skular, barnehagar og helsetenestene i kommunen. I tillegg har naboar, frivillige, lag og organisasjonar vore aktive i å skape gode buforhold rundt mottaket, og det er vi veldig takksame for, seier Trolie.

Honnør til bygdefolket

Ordførar i Stryn, Sven Flo, seier kommunen har tilrettelagt etter beste evne. Flo rettar ein stor honnør til bygdefolket i Stryn.

– Vi var særs kritiske til prosessen rundt etableringa av asylmottak i Stryn. Når mottaket likevel kom så har vi gjort det vi kunne for å tilrettelegge best mogleg. Det har vore gjort ein kjempejobb, og eg vil framheve skule og helsetenestene spesielt. All honnør til bygdefolket som har teke godt imot dei, seier Flo.