I år som i fjor var det om å gjere for deltakarane å gå to så like rundar som mogeleg i sansehagen like ved omsorgssenteret.

Arrangør Ola Bergset Ulvedal i frivilligsentralen i Hornindal hadde i lag med fleire andre eldsjeler lagt opp til ein flott «konkurranse» i det som må kallast perfekte forhold, altså verken sol eller regn, men overskya og passeleg temperatur.

Norges tøffaste rullatorløp

Det vart konkurrert i fire klassar, og det var til fots, med rullator, manuell rullestol og elektrisk rullestol.

Trekløveret Reidar Lundgård (87), Ragnar Kirkhorn (90) og Odd Lødøen (90) sat klare i sine doningar, dei to sistnemnde i firehjulsdrivne elektriske rullestolar.– Han Ragnar har nok ein fordel, for han har ein mykje nyare modell enn meg, sa Odd like før start. – Du må ikkje snakke, parterte Ragnar. – Og du får berre kople ut både autopilot og cruise control, var den klare beskjeden til sidemannen.

Litt alvor, men mest moro

Det var tydeleg å sjå at dette var eit arrangement mange hadde sett fram til. Med rundt førti deltakarar på startstreken vart det eit par kjekke timar for alle involverte.

Med speakerteneste, drikkestasjon, trekkspelmusikk, tidtakarsystem og ein startar som sende deltakarane ut i løypa med eit lursignal var ingenting overlate til tilfeldigheitene. Og sjølv om det vart konkurrert mest for moro skuld, var det tydeleg å sjå at enkelte framleis hadde konkurranseinstinktet godt på plass. Ein og annan tjuvstart var det, og nokre, som Reidar Lundgård, tok innersvingen på deltakaren framføre i løypa.

Klassevinnarar

I klasse 1, til fots, gjekk Halfdan Lødemel av med sigeren. I klasse 2, rullator, gjekk Ivar Seljeset til topps. Klasse 3, manuell rullestol, vart vunnen av Alf Taraldset. I klasse 4, elektrisk rullestol, vann Reidar Lundgård. Alle fekk dermed eit napp i vandrepokalen.

Solveig Støverstein deltok i klasse 3, manuell rullestol. Foto: Thomas Thaule
Halfdan Lødemel tok «ein Dæhlie», og gjekk også i år baklengs over mål. Foto: Thomas Thaule
Olga Tomasgard (100) og sonen Amund hadde knapt tid å stoppe ved drikkestasjonen til Anne Leivdal. Her var det om å gjere å gå to jamne rundar. Foto: Thomas Thaule
Kari Svarstad (t.v.), Tulla Solum og Karsten Oppheim hadde full kontroll på deltakarlister og tid. Bak ser vi Ola Bergset Ulvedal frå frivilligsentralen. Foto: Thomas Thaule
Reidar Lundgård susa forbi både deltakarar og drikkestasjon. Foto: Thomas Thaule