34 personar krev at heile området frå Kjøshammaren og austover vert overført til Stryn kommune. Initiativtakarane har og levert eiga liste og kart som viser kor mange grunneigarar i området som ønskjer grensejustering. I tillegg har dei levert inn liste der 75 personar busett på Stryne-sida av Markane støttar grensejustering og samling av Markane i Stryn kommune.

I grunngjevinga for kravet vert det blant anna vist til at barn i skulealder er delt mellom Stryn og Hornindal og brøyting og vegvedlikehald som føl kommunegrensene.Andre moment er arbeidsreiser og barnehage, vidaregåande skule med ønske om Stryn vgs, 17. maifeiring, fiske, jakt, skog og jordbruk som er delt i to kommunar.Dersom den omsøkte grensejusteringa ikkje vert godkjend, ber initiativtakarane om at noverande kommunegrense vert flytta vestover slik at Maurset vert samla i Stryn kommune. Området som ligg innafor den alternative grensejusteringa strekkjer seg til og med Øyebakken og betyr at heile Maurset og Maursetvegen vil tilhøyre same kommune.I følgje underskrivarane har 15 av 16 personar i dette området skrive under på ønsket om å tilhøyre Stryn kommune.

Fylkesmannen ber kommunane om tilbakemelding

Fylkesmannen har sendt brev til Hornindal og Stryn kommunar om motteke initiativ frå innbyggarar og grunneigarar om justering av grensa mellom Stryn og Hornindal som gjeld området Maurset/Markane.

– I tråd med inndelingslova § 8 4. ledd sender vi saka til kommunane til orientering og uttale. Vi ber om at kommunane ser initiativet i samanheng med vedtaka i kommunane når det gjeld kommunereforma, og gir Fylkesmannen ei snarleg tilbakemelding på om det er ynskjeleg sett frå kommunen si side med vidare utgreiing av justering av grensa, heiter det i brevet. Fylkesmannen ønskjer kommunane sine vurderingar og konklusjonar innan utgangen av neste veke.