Intensjonsavtalen mellom Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland vart ikkje motteken som godt nytt for Stryn Formannskap som har vore tydeleg på at dei ønska heile fylket sitt i region med Hordaland og Møre og Romsdal. Dei har tidlegare bedt fylkeskommunen om å avslutte forhandlingane med Rogaland. Istaden er det altså teikna ein intensjonsavtale.

– Vi er bekymra for at denne avtalen blir akseptert. Den er veldig uheldig for Stryn og resten av Nordfjord, sa Flo umiddelbart etter at avtalen vart kjend fredag morgon.

– Det er med glede at vi registrerar at avtalen får kritikk, også i Rogaland. Vi håpar Rogaland seier nei til avtalen. Det som blir viktig no er å ta opp forhandlingane med Møre og Romsdal, seier Flo måndag.

– Trass i at Møre og Romsdal ikkje vil?

– Dei kan ikkje stå åleine. Dei må snart stikke fingeren i jorda og forstå hensikta bak regionreforma, seier Flo.