Med høglydt trampeklapp viste ein fullsett sal at dei sette stor pris på «Årets unge folkemusikarar» sin konsert tysdag.

Med samspel av høg klasse, der melllom anna komposisjonar og originalarrangement av Eivind Groven stod på repertoaret, trollbatt Bjørn Kåre Odde og Sivert Holmen publikum frå første bogestrøk til siste tone av ekstranummeret «Halling-Jårånn» i Skogstjerna tysdag.

Meritterte musikarar

Det var to meritterte unge musikarar som var på besøk. Sivert Holmen er vinnar av årets Furepris på Landskappleiken (beste unge utøvar under 25 år) og er kjend som solist i ei rekkje samanhengar. Bjørn Kåre Odde har også ei brei karriere både som solist og i samspel, og er også kjend for teaterpublikummet som spelemannen i «Spelemann på taket» på Det Norske Teatret.

Fullt: Salen var fullsett. Til og med første rad, kunne aktørane konstatere. Det er gjerne ikkje den stolrekkja som vert først fylt!

Fersk CD

Odde og Holmen byrja å spele saman då dei begge studerte på Norges musikkhøgskole. Med tradisjonsmusikk frå Valdres og Gudbrandsdalen som grunnlag har dei med stort hell teke den krevande sjangeren «samspel hardingfele/fele» til nye høgder. I 2015 gjekk dei til topps i INTRO-folk og vart kåra til Årets unge folkemusikar, og denne veka gjesta dei Nordfjord med rykande fersk CD i bagasjen.

Tradisjonstru og nyskapande

Det var fullsette stolrader og eit svært lydhøyrt publikum som møtte dei i Skogstjerna i Markane, der Folkejazzscena til Førde Internasjonale Folkemusikkfestival var arrangør i samarbeid med Spelemannslaget Fjelljom og Tysdagssvetten.

Både Bjørn Kåre Odde og Sivert Holmen har sin eigen tradisjon i ryggrada. Dei formidlar valdreslåttar og gudbrandsdalsleikjer på eit nivå som kan tilfredsstille sjølv den kresnaste tradisjonspietist, og kombinerer med nyskapande akkordbruk og spennande klangar i kombinasjon hardingfele/fele, hardingfele/bratsj eller to hardingfeler. Samspelet i seg sjølv er presist, dynamisk og av høg teknisk kvalitet, og blir framført med stor formidlingsevne. Djup innleving eller skjelmsk glimt i auget, alt etter slåtten. For dette stoffet er gjerne forteljingar i seg sjølv, frå legdekona Gamle-Guro til Prillarguri og Sinclar med skottehæren.

Gode fotefar

Arne M. Sølvberg frå medarrangør Fjelljom nytta høvet til å takke for konserten og skryte av dei to musikarane. Ikkje minst det krevjande samspelet på hardingfele og fele. Og her har dei gode fotefar å gå i: Sølvberg gav utøvarane kvar sin CD med dei første som gjorde innspelingar i denne krevjande øvinga, Rolf Myklebust og Alfred Maurstad, samstundes som han oppsummerte kveldens konsert med eitt ord:

– Storarta!