To lag frå vaksenopplæringa og asylmottaket i Stryn og to frå Eid stilte til vennskapelege  «landskampar» i fotball i Stryn førre veke.

Stryn vidaregåande skule stilte med dommarar.

- Håpet er at dette skal bli ein årleg tradisjon, der elevar frå vaksenopplæringssentra kan møtast til fotball og sosialt samvær, seier rektor ved vaksenopplæringa i Stryn, Hilde Nesje.

I fjor gjekk turneringa på Sandane. Då var det Stryn som gjekk av med sigeren. I år gjekk Eid til topps i turneringa og fekk dermed eit napp i vandrepokalen.

- Innsatsen var ikkje til å klage på, det var ein kjekk og triveleg dag som også inneheldt grilling og sosialt samvær, seier Nesje.

Elevane ved vaksenopplæringa i Stryn fekk draktsett av Stryn fotball før turneringa, noko som vart sett stor pris på.

Neste år er det Eid som er arrangør for turneringa.

Stryn og Eid sine lag samla etter turneringa. Foto: Roger Oldeide