For fjerde gong har nokon saga av hengelåset på ein hyttecontainer for avfall på Blakset.

– Det vert tydeleg gjort for å få inn større avfallsgjenstandar. Slik kan vi ikkje ha det. Hengelåset skal berre opnast med nøklar av sjåfør som skal tømme containeren, seier Svein Ottar Sandal, i NoMil.