Stryn møter topplaget Herd på laurdag i vanskeleg borteoppgjer.

Stryn har framleis mykje å spele for når det står att fem kampar av sesongen. Sigeren over Træff førre helg gjorde sitt til at raudtrøyene framleis er med i kampen om å halde plassen i divisjonen også neste sesong.

Ikkje tapt heime

Herd frå Ålesund står så langt med elleve strake heimesigrar i serien så langt i år. Om det blir tolv strake står att å sjå. Sjølv om Stryn tapte klart 1–4 i heimeoppgjeret i vår har Johann Sigurdsson ingenting i mot å øydelegge den fine heimestatistikken deira.

Toppscorarduell

Det ligg elles an til ein aldri så liten toppscorarduell i kampen. Både Mads Wie og Ingolfur Ørn Kristjansson på Herd står med nitten nettkjenningar etter 21 spelte kampar.

Nokre fråvær

Johann Sigurdsson kan melde om at Petter Hammer og Andreas Vereide framleis er ute, og at Mathias Garlid framleis er ute med karantene etter det raude kortet mot Volda. Sigurdsson trur også at Erling Myklebust mest sannsynleg vil vere utilgjengeleg mot Herd.

Kampen kan du følge her.