– Vi vil vere med å bidra, og han har ønska seg ny sykkel lenge. Han har hatt gamalt utstyr og fortener nytt, seier Kristian Sandbakk i Miljøservice og Elias Loen i Nomek.

–Det at eg får ny og betre sykkel gjer at eg kan satse på fleire og større ritt fortel Standal, som har brukt mykje av privatøkonomien på satsinga si. Til no har han hatt ein landevegssykkel frå 2008, noko som er gamalt når ein syklar på det nivået Standal gjer.

– Eg har utan tvil konkurrert på den eldste sykkelen, humrar Standal.

Aerodynamisk

–Den nye sykkelen er meir aerodynamisk i absolutt alle detaljar, og den er til dømes ideell å gå i brudd med, fortel Standal. Sykkelen er i karbon og veg knappe sju kilo. Giringa skjer elektronisk.

Tidleg oppe

Jan Ove Standal er ikkje den som søv lenge om morgonen. Allereie i fire-femtida på morgonkvisten er han klar for dagens første treningsøkt som varer i to-tre timar. Etter arbeidstid er han oppe på sykkelsetet igjen og trenar rundt ein time.

–Eg syklar mykje i nærområdet, fortel Standal, og fire timars økter er ikkje uvanleg. Når han trenar tempo syklar han mest oppover mot Hjelle og ned att, medan bakketreninga ofte går føre seg til Kjøs og tilbake til Stryn via Ullsheim. Til saman reknar han med at han syklar 25.000 kilometer i året. Han syklar så lenge det er forhold til det i sesongen, men han syklar også vinterstid, då med piggdekk på sykkelen. Han krydrar også treningskvardagen om vinteren med toppturar på ski.

Ambisjonar

At han er ein syklist med ambisjonar er det ingen tvil om. I VM for veteranar i Frankrike neste år satsar han på ei topp tre-plassering. Frå før har han både femte og sjetteplass frå VM. Deltaking i årets VM er ikkje aktuelt for Standal.

–VM går i Australia i år, og det er for det første veldig langt dit. Men løypa er også for flat til at eg kan hevde meg i toppen, forklarar Standal.

Andre meisterskap han satsar på neste år er NM og Nordisk meisterskap i Danmark.

Kona er manager

– Kona (Sigrid Flo Standal) er manageren min, og det er ho som ordnar det meste når det gjeld å sjekke terminlister og andre praktiske ting fortel Jan Ove, som har planar om å halde på aktivt i mange år enno.

– Konkurransen er i grunn hardast frå ein er 40 år til ein er 55 år, så slikt sett er eg midt i den fasen av karrieren no, fortel Jan Ove vidare.

Høgdepunkt

Eit av høgdepunkta i karrieren kom under Nordisk meisterskap i Finland. Det var eit nær perfekt ritt, men ei punktering nokre kilometer før mål øydela.

– Det hadde nok blitt siger om eg ikkje hadde punktert, trur Standal som ikkje vart aktiv syklist før han var nesten 30 år.–Eg dreiv mykje med skihopp og fotball i ungdomen, men vart etter kvart lei. Eg ville legge tinga opp litt sjølv, og kjøpte min første konkurransesykkel i 1998. Det året sykla eg også Trondheim-Oslo. Seinare har det blitt fleire deltakingar i Norgescupen, i NM og i rittet Jotunheimen Rundt.

–Nordfjordrittet er også eit fantastisk ritt å vere med på, skryt Standal.

Vil bidra lokalt

Standal har også ein liten draum om å kunne vere med å bidra til auka sykkelinteresse lokalt blant ungdom.

–Det er for lite synleg sykkelinteresse i området vårt, og eg er sikker på at det finst unge syklistar med både anlegg og interesse for sporten rundt omkring i bygdene, fortel Standal. Han vil neste veke prøve å samle sykkelinteressert ungdom for å kartlegge om det er interesse for satsing på idretten.

– Å skape eit sykkelmiljø blant ungdom hadde vore flott, avsluttar Standal.

Christopher Garlid (t.v.) og Jan Ove Standal i gang med å tilpasse sykkelsetet. Foto: Thomas Thaule
Jan Ove Standal og Christopher Garlid på Sport 1 har brukt ein såkalla bikefitting-machine for å tilpasse sykkelen så optimalt som mogeleg. Mykje tid har gått med til arbeidet. Foto: Thomas Thaule
Standal har fleire gode plasseringar i mellom anna Nordfjordrittet. Foto: Thomas Thaule