Innovasjon Norge Sogn og Fjordane inviterer i oktober til workshop for reiselivsbedrifter som vil bli betre kjend med korleis turoperatørar og incomingoperatørar arbeider i dei internasjonale marknadane og kva som skal til for å auke salet via desse.

Innovasjon Norge opplyser at organisasjonen er oppteken av å auke kunnskapen hjå reiselivsaktørane i fylket om korleis turoperatørar/ incomingoperatørar jobbar og kva som skal til for å auke salet gjennom desse, starte prosessar som skal resultere i nye opplevingskonsept og produkt i Sogn og Fjordane samt å styrke samarbeidsrelasjonar mellom reiselivsaktørar i fylket og internasjonale distributørar.

Innleiarar og diskusjonspartnarar på seminaret er m.a. Ole Nysetvold frå Norway ProTravel, Ingunn Sakshaug frå Tumlare og Simon Wrench frå Inntravel.

- Det overordna målet er auka verdiskaping blant bedriftene gjennom meir målretta satsing i internasjonale marknader. Mange, spesielt nye, reiselivsbedrifter har liten kjennskap til turoperasjon og fleire har gitt uttrykk for at dei ynskjer ein arena der ein kan få auka forståing rundt korleis ein meir målretta kan nytte distributørar, opplyser Innovasjon Norge i ei pressemelding.

På samlinga får deltakarane høve til å drøfte konkrete problemstillingar og produktkonsept og få tilbakemeldingar frå dei som sit tett på marknaden internasjonalt. Eit anna tema på samlinga som opptek mange, er kommunikasjonsutfordringane fylket har når ein til dømes ligg utanfor sentra, ynskjer større volum og vil utvide turistsesongen.