Vaklevorne birkebeinarar med skrikande robotbaby i møte med lokale baglarar gav ein underhaldande episode av Alt for Norge søndag.

For det var baglarar og birkebeinarar som stod i fokus i denne vekas Alt for Norge. Episoden var spela inn i Stryn.

Dei norsk-amerianske deltakarane fekk innføring i norgeshistoria og skulle redde kongsemnet Håkon Håkonsson (i form av ei robotdukke) frå baglarane.

Det var inga enkel affære. Dukka «skreik», det gjekk så som så med både skigåinga og det norske språket og dei vart grundig pepra med snøballar.

Norsk-amerikanarane i Alt for Norge kom i søndagens episode til Stryn for å teste ut ski- og historiekunnskapane sine. Her skulle dei vere birkebeinarar og redde ein robotdokke-versjon av kongsemnet Håkon Håkonsson frå baglarane. Det vart inga enkel affære... Foto: TVNorge

– Moro å vere med. Men det var mykje venting, seier «baglar» Odd-Sindre Tonning.

– Eg trur vi var oppi løypene i ni timar, så det tok si tid, seier baglar-kollega Isak Fænn. Også Torstein Tvinnereim, Isak Hopland, Håkon M. Gjørven, Georg Halsteinslid, Erlend Bakken og Grim Nygård var med på innspelinga. I finalen var Odd Bjørn Hjelmeset med som ekspert på rulleski.

Episoden går i reprise på laurdag.