– Vi forventar same oppvartning som Justin Bieber, med bading og helikopter! Det seier ein spøkefull Finn Tokvam når han får høyre om at sjølvaste Justin Bieber nyleg var i Stryn.

Laurdag blir det stor dose vestlandshumor, når Tokvam, Olav Stedje og Claus Sellevoll står saman att på scena i Stryn kulturhus.

– Vi har jobba saman i ulike konstellasjonar i over ti år. Det heile starta med boka Tyl, som eg skreiv saman med Halvor Folgerø. Der måtte vi ha Olav Stedje si velsigning til at han dukka opp i boka. Vi har samarbeidd mykje sidan den gong, og eg har skrive tekstar for han. Så det er veldig kjekt å få gjere noko saman med desse to att, seier Tokvam, som for tida er aktuell med talkshowet Folk&Finn.

Samarbeidd lenge

Trioen stod første gong på scena saman, då suksess-framsyninga Vestlandsrevyen vart spelt på Logen i Bergen, og seinare dei fire vestlandsfylka i 2007 og 2008. I 2011 var dei tre, saman med Ragnar Hovland og Halvor Folgerø tilbake med oppfølgjaren ”Vestlandsrevyen II”.

I 2014 og 2015 har Olav Stedje og Claus Sellevoll med ensemble farta rundt med kabareten om Ivar Medaas.

Verbalt og musikalt

– Kva kan de by på denne gongen når de kjem til Stryn?

– Publikum kan forvente seg ei blanding av verbal humor og historieforteljing, og musikalske innslag. Mykje av innslaga er lokalt forankra, med visene til Olav Stedje og ulike figurar av vestlendingane. Men vi gjer aller mest narr av oss sjølve, seier Finn Tokvam om showet Vestlandshumor. Dansestega til sogningen har brent seg fast i minnet til mange. Han må åtvare mot at dans kan bli eit element i showet denne gongen og.

Spesiell strynevri

Tokvam hugsar godt sist gong dei var i bygda, og viste Vestlandsrevyen for fullt kulturhus i 2008. Då var stemninga i salen svært god, og han håpar på det same laurdag.

– Vi lagar til ein liten spesialvri på kvar stad, så vi må finne på noko «finspissa» til stryningane, seier sogningen med eit smil på lur. Sjølv om det av praktiske årsaker ikkje blir åresal denne gongen, ligg alt an til ein stemningsfull aften med vestlandsk humor i Stryn kulturhus.