Rådmann Per Kristian Storevik la fram eit såkalla konsekvensbudsjett for perioden.

Konsekvensbudsjettet tek utgangspunkt i vedteke budsjett for 2016 og justerer for konsekvensar av vedtak gjennom året og neste års gjeldande rammeføresetjingar.Rådmannen fortalde formannskapet at den økonomiske situasjonen i kommunen no ikkje er så vanskeleg.

– Med utgangspunkt i tidlegare erfaringar håpar vi å få budsjettet i balanse, sa Storevik til Fjordingen.

Sektorvis fordeling

Slik det ser ut vil styringsorgan og sentraladministrasjon få 18 prosent, skule- og kultur 38 prosent, helse- og sosial 38 prosent og teknisk sektor 6 prosent av budsjettet.

Flo optimist

Ordførar Sven Flo sin umiddelbare reaksjon på det framlagde konsekvensbudsjettet var at det ser bra ut.

– Vi kjem til å finne løysingar på dei utfordringane som måtte dukke opp, sa ein optimistisk ordførar.