Torsdag  startar Stryn Bibliotek opp att med  «Ordførar i sofaen».  Sven Flo inntar den grøne sofaen på biblioteket og stiller seg tilgjengeleg til ris, ros, småprat og diskusjon. Dette vert ein av fire torsdagar denne hausten han er på plass i sofaen.

– Vi ynskjer å gje folk i Stryn eit tilbod der dei på ein uformell og triveleg måte kan kome i kontakt med ordføraren vår, både med store og små sakar som opptek stryningane. Dette er også heilt i tråd med den reviderte biblioteklova som seier at det no skal debatterast og diskuterast på biblioteket. Gjerne høglydt! seier bibliotekmedarbeidar Linda Gytri.